Hopp til innhold

- Kjempetap om steinen er øydelagd

– Runesteinen på Stedje i Sogndal er over 1500 år gamal, og det er eit kjempetap dersom det ikkje let seg gjere å reparere den.

Runesteinen på Stedje

SLIK SÅG STEINEN UT: Dei øvste 30-40 cm av steinen er no knekt av.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det seier arkeolog Trude Knagenhjelm, som er leiar i antikvarisk utval i Sogn og Fjordane. Dette utvalet er oppretta av Fortidsminneforeningen for å hindre at kulturminne går tapt. Og den skadde steinen er truleg eitt av dei aller eldste kulturminna i Sogn og Fjordane.

Ferskt brot

KNEKT AV: 30-40 cm av toppen på steinen er broten av.

Foto: Stein Bondevik

I går vart det kjent at det er dumpa store mengder snø på steinen, og at dette har ført til at 30-40 cm av toppen av steinen er knekt av.

Truleg frå 500-talet

Ho fortel at runesteinen på Stedje etter alt å døme har stått på ei grav frå eldre jernalder, rundt 500 år etter Kristus, for det var steinsetting rundt steinen. Så har ein eller anna rissa inn runene om lag 600 år seinare, på 1100-talet.

Runestein ved Stedje kyrkje

OVER 1500 ÅR GAMAL: Runesteinen på Stedje er eit eldre kulturminne enn mange har trudd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det som er så spennande med runesteinen på Stedje er at han står på opphaveleg stad, og det er ein ekstra verdi samanlikna med gjenstandar som er lagra inne på eit museum.

No håpar Trude Knagenhjelm at det let seg gjere å reparere steinen.

– Ein konservator bør kome og sjå på steinen snarast, og så håpar eg at vi finn att alle bitane. Dersom det ikkje skjer er det veldig synd.

– Burde ha vore meir synleg

Ho meiner at godt synleg informasjon og kanskje eit gjerde rundt steinen kunne ha hindra det som no har skjedd.

– Hadde dette verdfulle kulturminnet vore meir alment kjent blant folk, også blant dei som ryddar snø, då kunne dei ikkje tru at steinen var tilfeldig skrap.

Trude Knagenhjelm håpar at politiet no ikkje legg vekk den meldinga som er innlevert, og ho håpar Sogndal kommune syter for at noko liknande ikkje skjer fleire gonger.

– Uansett er det ulovleg å dumpe snø på kulturminne.