Hopp til innhold

Håper på 100 000 kroner til tango, lidenskap og heftige rytmer

Lidenskaplege tangodansarar i Jølster ønskjer seg 100 000 kroner til ein ny tangofestival. No treng dei di stemme for at draumen skal gå i oppfylling.

Jølster Tango

TANGO FOR TO: Turid Dvergsdal og Ronny Johannesen visar korleis det skal gjerast.

Jølster Tango er ein av ti finalistar som kjempar om å bli Årets kulturidé.

– Vi vil spreie bodskapen om at tango er kjekt!

Det er NRK Sogn og Fjordane som saman med Sparebankstiftinga i fylket arrangerer konkurransen med ein premie på 100 000 kroner til den som stikk av med sigeren.

Vil lokka alle trauste

Tangoklubben ønskjer å skape ein ny tangofestival med artistar og kurshaldarar i internasjonal toppklasse på seinsommaren eller tidleg haust 2012. Ambisjonane er å trekkje både eit danseinteressert lokalt publikum og tangofrelste frå andre delar av landet.

Avstemminga i gong på nettet og i skrivande stund er det kome inn 3.700 røyster.

Kollega Birger Meland tok turen til Jølster og for å finne dei lidenskaplege rytmane. Ein av initiativtakarane er Trude Dvergsdal og ho håper å lokka trauste jølstringar og andre med på dansen.

– Eg blei veldig inspirert av denne danseforma tidleg på 90-talet. Eg fann ut at eg måtte lære meg dansen. Det er veldig spennande å drive på med dette. Eg har reist land og strand rundt og ville få tangoen til Jølster.

Vil spreie bodskapen

Øyvind Stavøstrand som er med i tangoklubben, fortel at dei har veldig lyst å arrangere ein tangofestival, men at det kostar pengar å få tak i instruktørar som kan halde kurs.

– Vi håper på 100 000 kroner som vi kan bruke til å få levande musikk og kjende instruktørar. Dermed kan vi spreie bodskapen om at det kjekt å danse tango.

Kven av dei ti kandidatane som til slutt blir kåra til Årets Kulturidé i Sogn og Fjordane er det nettlesarane våre og juryen som til slutt skal avgjere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Laila Beate Førde, Pål Fidjestøl og Steinar Fredheim har plukka ut ti finalistar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Juryen: Masse nytt og spennande

Juryen i årets kulturidé er leia av Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga. I tillegg er musikar Laila Beate Førde med og leiar for distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim.

– Utfordringa vil vere å få oss lokale i fylket på dette, at vi vågar å hive oss ut i noko så lidenskapleg som tango, seier Laila Beate Førde

Juryen seier at ideen er i ein tidleg fase, men meiner det er ein kjempeidé.

– Det er konkret og du veit kva du får. Samstundes er det masse nytt og spennande, Vi seier eit rungande ja så langt. Utfordringa er at det er ei smal grein og å nå fram i fylket, meiner juryen.