(Tekst: Inge Kjell Holme og Anna Gytri (NRK))
Fellesforbundet samla seg i dag til årsmøte i Sogndal. Her skulle dei 28 delegatane som representerer dei vel 2200 medlemmane ta stilling til om den omstridde leiaren Magne Ulvatn skal halde fram eller ikkje.
Årsmøtet i Fellesforbundet stengde pressa ute når dei skulle diskutere leiarvalet.
Ulvatn er skulda for mobbing og trakassering av tre tilsette. Ein av desse, Jarle Kirketeig, har gått ut i media med kritikken og har seinare blitt sparka frå jobben ved fylkeskontoret. Kirketeig har etter dette stemna Fellesforbundet for retten og saka kjem opp i mai.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Utfallet av rettssaka blir avgjerande
Under årsmøtet i dag kom det kom aldri noko framlegg til ny leiarkandidat.
Valkomiteen hadde lagt lok på om dei hadde innstilling på ny leiar eller attval av Ulvatn. Når årsmøtet konkluderte med at valet av leiar skal utsetjast til etter rettssaka Jarle Kirketeig har reist om usakleg oppseiing, betyr det at lagnaden til Ulvatn står og fell med utfallet av saka.
Uansett må Fellesforbundet Sogn og Fjordane truleg kalla inn til ekstraordinært årsmøte etter domen i rettssaka for evntuellt å gje Ulvatn fornya tillit eller velja ny leiar.
Ulvatn svarar dette på kva han vil gjera dersom fellesforbundet taper saka?
– Dersom Fellesforbundet taper rettssaka Jarle Kirketeig har reist om usakleg oppseiing vil eg stilla min plass til disposisjon seier Ulvatn.
– Er du skuffa over ikkje å bli attvald i dag?
– Det har eg ingen kommentar til, seier Ulvatn.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: