Hopp til innhold

Havfiske vil bli Årets kulturidé

Mellom finalistane i kåringa av Årets kulturidé i Sogn og Fjordane er Måløy Havfiskefestival, som skal gå av stabelen i månadskiftet august/september i år.

Måløy Havfiskefestival

KLARE FOR FISKEFESTIVAL: Frå v. Kjell Oldeide, Rita Andal og Daniel Henriksön.

Foto: Birger Meland

Det er Nordfjord Havfiskeklubb som står bak arrangementet og som har kasta seg inn i tevlinga om dei 100 000 kronene som blir vinnaren av Årets kulturidé til del.

– Må lære folk å fiske igjen

Kjell Oldeide er mellom dei som står bak planane om havfiskefestival, og han meiner dei treng ein slik festival i Måløy.

– For nokre år sidan var det ein fiskeutstyrsbutikk som ville gje vekk fiskestenger til småungar, men då fekk dei beskjed frå foreldre og lærarar om at ungane kunne skade seg, og dessutan måtte dei ta livet av fisk, det var visst heilt uestetisk.

– Då tenkte eg: No har det kome for langt. Her er vi i Måløy, det er kulturen vår, røtene våre, no må vi lære opp folk til å fiske igjen, til å like seg i fjæra.

– Men no finst det ein del fiskefestivalar rundt om?

Ja, det er ein enorm aktivitet mange stader, i England, som er ein fotballgal nasjon, er det fleire som står og fiskar enn det er folk på fotballtribunane, det er over fire millionar sportsfiskarar, ein av dei raskast veksande hobbyane.

LES OGSÅ: Kristin Blaalid tok andreplassen under debuten i skreifiske-VM

(Artikkelen held fram under biletet).

Måløy Havfiskefestival

MED STENGENE KLARE: Dei håpar å få napp på Årets kulturidé.

Foto: Birger Meland

– Kor langt har de kome med planane om Måløy Havfiskefestival 2012?

– Vi har fått ned på papiret konturane av korleis festifvalen skal vere. Kremen av sportsfiskarar kjem hit, festivalen er med i Norgescupen 2012, og no skal dei knive om storfisken på Stadhavet.

– Har lært av Tall Ships Races

– No har vel Måløy litt dyrkjøpt erfaring frå store arrangement, t.d. Tall Ships Races?

– Vi har lært av Tall Ships Races, her skal vi legge stein på stein, det skal vere meir dugnadsarbeid, og vi har oppretta eit eige aksjeselskap.

Juryen i Årets kulturidé er samansett av Pål Fidjestøl, Laila Beate Førde og Steinar Fredheim. Dei seier dette om søknaden frå Måløy Havfiskefestival:

Fidjestøl: Det er flott at dei grip tak i prosessen, ikkje berre det å dra opp fisken, dei har og drege inn matelementet, serveringa av fiskematen. Eg likar godt det som blir sagt om å legge stein på stein, og så må dei passe seg så dette ikkje blir berre eit instrument som næringslivet skal tene pengar på.

Førde: Her har vi ein konkurranse for eliten, det er spennande, men litt smalt. Samstundes er det breidde i det med fiskeutstilling, akvarium, kokkelering og fiskesimulator. Det eg lurer på er kvifor det ikkje er lagt opp til samarbeid med t.d. Måløydagane.

Fredheim: Her har dei greidd å kombinere friviljug innsats med næringslivet, men det blir spennande å sjå korleis dei greier balansegangen. Utfordringa ligg i at det ikkje blir for mykje næringsliv.

– Nøgd med det juryen seier

På brygga i Måløy er Kjell Oldeide veldig nøgde med det juryen seier om planane.

–Vi tek det dei seier ad notam, og så oppmodar vi folk om å gå inn på nettsidene til NRK og stemme fram havfiskefestivalen som Årets kulturidé.

Rita Andal, som og er med i arrangementskomiteen fortel om mange små aktivitetar rundt fiskekonkurransen.

– Ungane skal grille sin eigen fisk, vi skal ha akvarium, og det blir ikkje aktivitetar berre sjølve festivalhelga, men i mange helger fram mot arrangementet.