– Vi er ein fylkeskommune med god økonomi, vi er godt rusta politisk, og vi har ressursar til å ta i vare interessene til fylket på ein god måte. Vi ser likevel at vi har nokre utfordringar som krev særskilt merksemd framover, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers i ei pressemelding.
I årsrapporten for 2011 peikar fylkesrådmannen på fylkesvegane som ein av dei store utfordringane for fylkeskommunen.
Fagetatane har i framlegget til Norsk Transportplan 2014–23 rekna ut at forfallet på tunnelar, bruer og kaier på fylkesvegane er på 2,3 milliardar kroner.
Dersom ein legg til drenering, vegfundament, murar, rekkverk og liknande, er totalnivået no på 3,8 milliardar.
– I 2010 overtok vi eit vegnett i forfall. Dei økonomiske rammene våre er for små til å stogge dette forfallet. Det er heilt urealistisk å auke standarden utan eit eige statleg program for rehabilitering av fylkesvegnettet. Det burde vore løyst alt ved overtakinga i 2010. Staten må no ta dette ansvaret, seier Øhlckers i pressemeldinga.