Hopp til innhold

Fem personar skadde i tunnelkrasj

Fem personar vart sendt til sjukehus i Førde etter at to bilar frontkolliderte i Bergstunnelen i Sogndal. – Det er eit under at dette gjekk bra, fortel Arnold Berge til NRK.no.

Trafikkulukke i Bergstunnelen.

SKADDE: Fem personar er skadde etter trafikkulukka i Bergstunnelen.

Foto: MMS-tipsar

Arnold Berge var mellom dei første som kom til ulukkesstaden om lag midt i den 2,5 kilometer lange tunnelen på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal.

Trafikkulukke i Bergstunnelen.

VRAK: Bilane er totalvrak etter ulukka.

Foto: MMS-tipsar

Begge dei to bilførarane sat fastklemde og vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter at dei var frigjorde.

– Eg trudde det hadde gått langt verre då eg såg kor gale bilane såg ut. Hadde det vore eldre bilar, så hadde dei ikkje overlevd, trur Berge.

Sendt til Haukeland

Ulukka skjedde i 1530-tida. Vegen var stengd fram til 1725. Bilane kom kvar sin veg. Kvifor bilane har frontkollidert er førebels uvisst. Det er 80-sone er ulukka skjedde.

Den eine bilføraren tok det lengre tid å frigjere, før han kunne sendast til sjukehus.

AMK i Førde opplyser at ei kvinne (39) og to born (8 og 10 år) er lettare skadde og lagt inn på vanleg avdeling. Ein 68 år gamal mann er lettare skadd og lagt inn på intensivavdelinga.

Den siste av bilførarane, ein 42 år gamal mann, er alvorleg skadd og overflytta til Haukeland universitetssykehus i Bergen. Tilstanden skal vere stabil.

– Det er nesten utruleg at han overlevde. Så stygg som bilen var i fronten. Batteriet låg kanskje 40–50 meter vekke og bilane stod sikkert kring ti meter frå kvarandre. Framdelen på begge bilane såg ut som trekkspel, seier Berge.

Møtt av kaos

Berge, som ein gong før har kome tidleg til ein ulukkesstad, og fleire andre tilkomande bilistar tok seg av dei involverte.

Politi, brannvesen, ambulansar frå Luster og Sogndal, samt fleire luftambulansar rykte ut til ulukkesstaden.

Berge var på veg heim frå Sogndal då han kom til ulukkesstaden. Han fortel at den eine bilen såg ut til å ha kome over i feil køyrebane.

Arnold Berge

TIDLEG: Arnold Berge frå Fjærland var berre 200 meter frå bilane då han høyrde nokre forferdeleg smell.

Foto: Privat

– Det var litt kaotisk med det same. Ulukka var allereie, varsla så det var eigentleg berre å ta seg av og prate med dei. Då roa det seg, og då ambulansemannskapet kom, var det berre å la dei overta og å trekkje seg tilbake, fortel han.

Frykta tunnelbrann

– Det viktigaste er å få gjeve beskjed om ulukka, og når nokon sit fastklemde er det ikkje mykje ein kan gjere med anna enn å prate med dei, seier han og fortel at dei ein periode frykta at bilane kunne bryte ut brann.

– Det gjorde det heldigvis ikkje, seier han vel vitande om at det kunne fått fatale følgje i ein tunnel.

Fem til sjukehus

Den siste føraren tok lengre tid å frigjere før han kunne sendast til sjukehus i Førde med luftambulanse.

Lang kø utanfor Bergstunnelen i Sogndal.

KØ: Det danna seg lange køar utanfor Bergstunnelen etter kollisjonen.

Foto: MMS-tipsar

Ei kvinne og to born vart sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse, medan dei to mannlege bilførarane vart sendt med luftambulanse til same sjukehus.

Ulukka vil bli granska ved lensmannskontoret i Sogndal.

– Det var fire personar i den eine bilen, og ein person i den andre. Ei kvinne og to born sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse, medan to personar er sendt med luftambulanse til Førde, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luftambulansen landar ved Bergstunnelen.

LUFTAMBULANSE: Ein person blir sendt til Førde med luftambulanse.

Foto: MMS-tipsar