Hopp til innhold

Krigekamp på humpete bane - no ser dei fram til kunstgras

Det vart ein krigekamp med lite finspel då Sogndal tok i mot Haugesund på Fosshaugane Campus søndag. No ser spelarane fram til kunstgraset som kjem til sommaren.

Sogndal- Haugesund

TØFFE TAK: Ørjan Hopen (med ball) og dei andre sogndalsspelarane gjekk i mange tøffe duellar mot Haugesund i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

(Sogndal–Haugesund 1-1)
Då Sogndal og Haugesund kom ut på Fosshaugane Campus framfor dei 3114 tilskodarane, var grasmatta allereie humpete og meir gul enn grøn.

Det gjorde at kampen vart alt anna enn finspelt.

– Gler oss til kunstgras

Henrik Furebotn

HARDE DUELLAR: Henrik Furebotn (t.v.) og Nicola Djurdjic

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Bana passar ikkje so veldig bra til å spela den fotballen me har lyst å spela, seier Henrik Furebotn.

I opningskampen borte mot Odd Grenland spelte Sogndal til tider glimrande fotball på kunstgraset i Skien. På Fosshaugane Campus søndag var det lite som minna om den kampen, og no ser Sogndalkapteinen fram til kunsgraset som kjem til Sogndal i juni.

– No er det berre tre kampar att før me får kunstgras, so me får prøva å sanka so mange poeng som mogleg fram til det.

(Artikkelen held fram under bildet)

sogndal haugesund

LAUS BANE: Trakkegjengen på Fosshaugane for nok å gjera i måndag, etter at Ørjan Hopen og kompani var ferdige.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kampen opna jamt, og allereie etter ni minutt gjekk Sogndal opp i leiinga.

Fyrste for Mane

Ørjan Hopen slo eit friskpark frå litt over 20 meter, Haugesundkeeper Per Morten Kristiansen klarte ikkje halda ballen og framme på returen var Malick Mane. Senegalesaren gjorde ingen feil frå tre meter og kunne feira sitt fyrste eliteseriemål for Sogndal.

Malick Mane

FYRSTE: Malick Mane opna skoringskontoen sin for Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er glad for å endeleg skora for Sogndal. Eg kom til klubben for å skora mål, og eg er viss på at det blir fleire, seier Mane.

Men etter det tok gjestene frå Haugesund over.

Hardt straffa for feil

Jonas Olsson

IRRITERT: Jonas Olsson syns det var seigt å tapa to poeng 20 minutt før slutt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogndalstrenar Jonas Olsson kunne ikkje gjera anna enn å sjå på at gjestene frå Rogaland tok eit lite overtak i kampen.

– Eg tykkjer det var ei jamn kamp, der me får det fyrste målet. Men det er umogleg å ikkje tapa ballen av og til, og i dag vert me straffa for det.

Etter 72 minutt snappa Alexander Søderlund opp ein retur frå sogndalskeeper Kenneth Udjus etter kluss i sogndalsforsvaret. Han plasserte den fint forbi to sogndalsspelarar og inn i det opne målet.

Dermed var laga like langt.

Mykje slurv

Det vart mykje slurving av sogndalsspelarane. Dårlege klareringar, uheldige mottak og feilpasningar fekk dei 3114 tilskodarane sjå nok av. Bana må nok ta delar av skulda for det, trur Olsson.

– Det påverkar begge laga veldig mykje, og me tapar ballen på midten. Det blir ikkje mykje spel og avslutningane blir dårlege, men det er likt for begge lag. Det blir bra når me får lagt kunstgras her, avsluttar Olsson.

Men Sogndal har framleis til gode å tapa i eliteserien 2012 ...

PS. Sogndølen og tidlegare sogndalspelar Oddbjørn Skartun måtte nøya seg med å gjera comebacket sitt på Fosshaugane på innbytarbenken.