Hopp til innhold

Fryktar at Christina skal døy

17 år gamle Christina Flåten har blitt ein kasteball mellom sjukehusa og kommunen. Dei klarer ikkje å bli samde om kven som skal ta ansvaret for den svært sjuke jenta.

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

Skuldar kommunen for omsorgsvikt

Christina vart fødd døv, men fungerte godt i mange år. Ho var aktiv i fotball og andre aktivitetar. Mellom anna var ho med Sogndal til Norway Cup i 2008. Deretter har det berre gått ein veg for den unge jenta, som no bur i omsorgsbustad i heimkommunen Sogndal.

Ho klarer knapt å gå lenger, ho får harde krampeanfall og tilbringer det meste av tida i senga i omsorgsbustaden ho har gjennom kommunen. Og legane klarer ikkje å finne nokon klar diagnose for kva det er som har skjedd med jenta.

Det næraste dei har kome er at ho har utvikla ei psykisk liding, men fagmiljøa er sterkt usamde om og i så fall korleis denne skal behandlast.

– Umenneskeleg

– Det er ein grusom situasjon å vere i, nesten heilt umenneskeleg for alle. Vi klarer knapt å takle dette meir, fortel far Frank Flåten.

Saman med sambuaren sin, Mari Navarsete og mor til Christina, Ann Sigrid Hjellhaug, kjempar dei no ein innbitt kamp for å gje dottera eit verdig liv. Dei meiner at det klarer slett ikkje Sogndal kommune å gje eit tilbod om slik situasjonen er i dag.

– Vi meiner jo at Christina ikkje får den oppfølging, den behandling og den omsorga ho treng i den situasjonen ho er i, fortel mor Ann Sigrid til NRK.

Fekk god hjelp

Det har vore mange tøffe tak opp gjennom åra for å følgje opp Christina sin helsetilstand, og no er familiane sliten – så slitne at dei knapt veit kva dei lenger skal gjere.

– Vi såg jo at i kvardagslivet så var det jo rett og slett umogleg for oss å takle dette lenger no. Uansett kor langt du strekk deg, så klarer vi det ikkje meir. Dette ber så gale hen at vi rett og slett er redd for livet hennar, fortel far Frank medan tårene pressar på i augekroken.

Då Christina var seks veker på rehabiliteringsheimen Nordåstunet i Bergen i desember i fjor, verka alt til å gå rett veg. Der klarte ho å lære seg å gå igjen, og optimismen var stor hos familien. Men då ho vart sendt attende til omsorgsbustaden i Sogndal snudde alt igjen, og tilstanden til Christina vart stadig verre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christina Flåten

PÅ NORDÅSTUNET: På Nordåstunet i Bergen fekk Christina god oppfølgjing frå eit lite, kompetent team. I Sogndal er så mange som 25 ulike personar i turnusen rundt den sjuke jenta.

Foto: privat

Klagar inn saka

No har familien klaga Sogndal kommune inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved fylkeslegen.

– Vi krev og forventar at fylkeslegen grip inn mot kommunen og sørgjer for at dottera vår får eit tilbod som er verdig. Det fungerer ikkje slik det er i dag, seier foreldra og syner til ein situasjon som skjedde for nokre få veker sidan.

Då vart det nær tilfeldig oppdaga at jenta hadde eit stort liggesår på låret. Kombinert med dehydrering og store magesmerter vart ho lagt inn på medisinsk avdeling ved Førde Sentralsjukehus. Der låg ho i tre veker, utan at sjukehuset eller kommunen klarte å finne noko nytt omsorgstilbod til ho. Noko foreldra no krev.

– Ved sjukehuset fekk vi beskjed om at ho hadde for stort pleiebehov for at kunne vere der, og i Sogndal får vi beskjed frå folk som jobbar rundt Christina at dei ikkje klarer å følgje godt nok opp. Kva skal vi då gjere? undrar foreldra.

Får legestøtte

Mor og far til Christina har fått mykje støtte i lokalmiljøet, både frå kjende og ukjende. Og etter kvart føler dei og at dei får støtte frå i alle fall einskilde i helsevesenet i Sogndal.

Christina Flåten

GODE TIDER: Christina ute på tur med veslebror sin for ei tid tilbake. No klarer ho knapt å reise seg frå senga i omsorgsbustaden.

Foto: privat

Christina sin fastlege har no skrive eit langt notat til fylkeslegen, der han langt på veg stør kravet til foreldra om at det må finnast andre ordningar for omsorg. Han skriv mellom anna følgjande:

«Det er nå ca 25 personar som er inne i turnusen rundt Christina. Dette er mange og det er vanskeleg å tro at rettleiing kvar annen veke vil vere tilstrekkeleg til å gi alle disse tryggleik og kompetanse til å fullt ut ivareta Christinas behov»

– Knalltøft

Frank og Ann Sigrid føler at dei ikkje kan gje opp vona om at nokon vil ta eit fullt og heilt ansvar for dottera deira, men innrømmer at det er knalltøft å sjå korleis dottera forvitrar i kampen om å gje ho det beste tilbodet.

– Ho er i ferd med å gje opp no, ho orkar vel ikkje så mykje meir. Ved fleire høve i det siste så har ho sagt at ho vil døy, seier Ann Sigrid og ber om å bli trudd.

Foreldra har fristilt Sogndal kommune frå tausheitsplikta, og har eit ønskje om at Sogndal kommune skal kommentere denne saka.

Det har førebels kommunen sagt at dei ikkje vil, men etter det NRK har all grunn til å tru, vil denne saka bli teke opp av kommunepolitikarar i formannskapet i Sogndal i morgon tidleg.