Hopp til innhold

Treng 100.000 til å lage kultursti med mobilguide

Tenk deg at du kan gå på ein kultursti på Kaupanger der du blir guida av ein app på mobilen din, mens du får med deg historiske godbitar frå steinalderen og fram til i dag.

Knagenhjelm og Kaupanger kyrkje

UTRULEG KJELDE: Ekteparet Trude K. og Christoffer Knagenhjelm meiner Kaupanger har utruleg mykje historie å by på.

Foto: Birger Meland / NRK

Ein kultursti der ein mellom anna kan nytte mobilen som ei personleg guide er ein av ti finalistar som kjempar om å bli Årets kulturidé.

– Vi er to arkeologar som i samarbeid med Amlabukti grendelag og Kaupanger hovudgard har laga ein kultursti, fortel Trude K. Knagenhjelm.

Det er NRK Sogn og Fjordane som saman med Sparebankstiftinga i fylket arrangerer konkurransen med ein premie på 100 000 kroner til den som stikk av med sigeren.

Ekteparet Trude K. og Christoffer Knagenhjelm påpeikar at Kaupanger har masse kulturminne under jorda som ikkje lenger er så synlege.

– Men dei meiner vi at folk må få oppleve, seier Trude K. Knagenhjelm.

Må ha inn ekspertar

Og det er her mobiltelefonen mellom anna kjem inn i biletet.

– Vi tenkjer på andre typar opplevingar ved hjelp av mobiltelefonar, kunst, lyd og lys, til dømes, seier Trude K. Knagenhjelm.

Men for å få dette til å fungere, må det ein del folk med IT-kompetanse, kunstnarar og andre som er spesialistar på sine fagfelt, inn i prosjektet.

– Desse ekspertane skal komme hit på ein verkstad og drodle litt rundt dette, seier Trude K. Knagenhjelm.

Har røter langt tilbake

Kaupanger har røter langt, langt tilbake. Ein av bygningane som minner om det i kvardagen, er den flotte stavkyrkja frå 1140.

– Stavkyrkja er det einaste attståande kulturminnet vi har frå kaupangen, altså byen som låg her i mellomalderen. Når vi høyrer lyden frå kyrkjeklokkene, går vi på ein måte 800 år tilbake i tid, seier Christoffer Knagenhjelm.

Historia til Kaupanger-kyrkja er også knytt opp til kampen mellom Kong Magnus og Kong Sverre.

Historiske stader

– Ja, kong Sverre var på hemntokt her i 1184. Historia tek til i 1183 då kong Sverre fekk plassar ein sysselmann her i Sogn. Det var første gong dette skjedde. Dette var tungt å svelgje, og det ende med at Kaupangermenn og bønder i Sogndal tok livet av sysselmannen, fortel Christoffer Knagenhjelm.

Og slikt gjorde ein heller ikkje ustraffa den gongen. Som hemn brende kong Sverre "Lusakaupang" i 1184.

Magnus Erlingson hadde fått nyss om at kong Sverre var på dei trakter, og mobiliserte i Bergen og drog så innover Sognefjorden for å ta rotta på Sverre.

Resten av historia kjenner dei fleste. Dei to kongane møttest på Fimreite der slaget stod. Trass i at kong Sverre hadde berre halvparten så stor skipsflåte, klarte han å slå Magnus Erlingson. Det var med å sikre hans stilling som konge av Norge.

Vil ha oppatt trafikken

Etter at den nye vegen kom på plass og ferjeleiet vart flytta frå Kaupanger til Mannheller, miste Kaupanger gamle sentrum mykje av trafikken. Men det ønskjer ein no å endre på.

– No vil vi ha folk tilbake, og vi ønskjer at dei skal få oppleve den fantastiske historia som vi har å by på. Når du er på Kaupanger kan du i grunn oppleve heile norgeshistoria nesten frå steinalderen og fram til våre dagar, seier Christoffer Knagenhjelm.

Han fortel at ein får eit tverrsnitt av norgeshistoria samla på ein plass.

Har jobba med stien sidan 2008

Ideen kom til for halvanna år sidan.

– Men vi har jobba sidan 2008 med å utvikle heile området. Per no har vi etablert ein kultursti som er ganske enkel med tavler og informasjon. Og så har vi laga kafé og vi har arrangement på låven, samt at grendelaget har gjort mykje på kaien, seier Trude Knagenhjelm.

Ekteparet preseierer at det som er viktig for ideen er at det skal appellere til sansane året gjennom.

– Å oppleve kulturstien om vinteren vil vere noko heilt anna enn om sommaren. Og hausten vil også prege korleis stien uttrykkjer den historia vi har her på Kaupanger, seier Christoffer Knagenhjelm.

Juryen har tru på prosjektet

Juryen i årets kulturidé er leia av Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga. I tillegg er musikar Laila Beate Førde med og leiar for distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim.

– Dette er eit lærebokeksempel på korleis ein skal tenkje i innovativ kulturstrategi. Ein tek utgangspunkt i dei ressursane som finst lokalt, og her er det jo landskapet og historikken og det som finst det, seier Pål Fidjestøl.

Han legg til at dei vidare tek utgangspunkt i noko som dei brenn for.

– Her er det også snakk om kunstuttrykk og design og fleire spennande element. Og så tek ein med seg noko som ein er god på. Og her er det det med formidlinga og teknologien. Til saman vert det eit ganske interessant produkt, seier Fidjestøl.

Han legg til at det også vert søkt om ein idéverkstad som skal føre til noko.

– Vi vil gjerne høyre meir om kva den skal utløyse. Vi vil ikkje støtte idéverkstad, vi vil heller støtte det som kjem ut av denne, seier Fidjestøl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Musikar Laila Beate Førde, leiar Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal. Dei tre skal plukke ut ti finalistar som for moglegheit til å vinne 100 000 kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etterlyser framdriftsplan

– Det som er gøy er å få gå rundt der og få lære om staden og historikken og dei kunstuttrykka som er plasserte ut, seier Fidjestøl.

Han etterlyser ei konkretisering og ein framdriftsplan.

– Eg ser nok ein del utfordringar med å synleggjere og få økonomi i dette slik at det kan bli ein del av levebrødet til søkjaren. Eg ser det kan bli ei utfordring å få folk til å betale for dette, seier Steinar Fredheim.

Han trur det er ei utfordring at mange ven seg til at ein kan laste ned meir og meir utan at ein treng å betale for det.

– Eg har veldig sant for at dei tek tak i gammal kultur og blandar det med ny kultur. Vi lever i ei teknologisk verd så å finne ein fin balansegang mellom det gamle og det nye, det tykkjer eg er svært spennande, seier Laila Beate Førde.

Trur det er noko for born

– Eg trur potensialet for realisering er godt fordi eg trur dette er personar som klarar å stå på for å få realisert ting, seier Fredheim.

Han trur dette kan vere ei måte å få born og unge med ut på tur.

– Ta med deg mobilen så skal du få sjå noko spennande, og så lastar vi ned QR-kode og så geleidar den oss gjennom ei skogsløype. Det trur eg kan vere spennande, seier Fredheim.

– Det som er kult med denne ideen er at han er tilpassingsdyktig. Du kan berre leggje til eit arrangement som er berre i dag, eller eit nytt element. Så sit det ein kar på ei datamaskin, legg inn dei nye opplysningane, og dermed er det tilgjengeleg for dei som er i skogen, seier Fidjestøl.

Han kallar ideen spenstig.

Verkstaden skal sparke ting i gang

– Utruleg artig å høyre på dei. Dei hadde forstått ideen vår veldig bra, og kom med innspel, seier Trude Knagenhjelm, og får støtte frå ektemann Christoffer.

Når det gjeld spørsmåla som juryen stilte omkring idéverkstaden, så ønskjer dei å utdjupe det.

– Det er på ein måte det som sparkar i gang heile gjennomføringa av opplegget. Å få til å lage både kunst, telefon-apps og slikt vil koste meir enn 100.000 kroner, men det vil hjelpe oss godt i gang, seier Trude Knagenhjelm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knagenhjelm

NØGDE: Ekteparet Christoffer og Trude K. Knagenhjelm tykte juryen hadde forstått ideen deira godt.

Foto: Birger Meland / NRK

Vil at løypa skal vere gratis

– Dette er meint som eit gratis tilbod. Det å bruke kulturen og kulturlandskapet her skal vere gratis for alle. Det skal ikkje koste noko anten du kjem frå fylket eller ikkje, seier Christoffer Knagenhjelm.

Han peikar på at området også er delvis freda.

– Skal vi formidle kvifor Kaupanger er så spennande og har den verdien det har, så må det vere ope for alle. Det må vere eit lågterskeltilbod, seier Knagenhjelm.

Ekteparet tykkjer det også er ein god idé som juryen kom med, at ein kan nytte dette til dømes for skuleklassar.

Klart til 2013

Tidsaspektet har dei også klar for seg.

– Fylkesjubileet i 2013. Fylket vart oppretta i Kaupanger, så her sluttar vi sirkelen, seier Christoffer Knagenhjelm.

– Vi håpar noko vil vere klart, og så går det heile tida an å utvikle det, seier Trude Knagenhjelm.