Hopp til innhold

Vil blåse ein lang marsj i vinteren

Musikkorpset i Balestrand sin idé om ein vinterfestival kan bli årets kulturidé i Sogn og Fjordane. Dei vil rett og slett blåse ein lang marsj i heile vinteren.

Kulturide Balestrand

BLES I FESTIVALHORNET: Kjell Øystein Rutle, Bente Kristin Sæhl, Marta Kvikne og Vidar Skåden ønskjer å ta imot heile fylket til korpsfestival.

Foto: Birger Meland / NRK

Kampen om kven som stikk av med 100.000 blanke kroner til årets kulturidé her i fylket hardnar til. I dag kunne lyttarane på ettermiddagssendinga vår høyre om ideen til gjengen bak det som kan bli fylkets første korpsfestival - midt på vinteren.

– Ideen kom i samband med eit seminar som vi hadde her i vinter i samarbeid med Vik musikklag. Vi sat her og drodla omkring kva vi skal gjere forå byggje vidare det vi opplevde då. For det var jo ei kjempeoppleving å kome i lag med andre korps, fortel leiar i musikklaget i Balestrand, Vidar Skåden.

Inspirerande

Han fortel at den inspirasjonen dei fekk av å spela i lag med andre korps, gjorde at dei no satsar på ein vinterfestival, i utgangspunktet for ungdom- og vaksne med interesse for den folkelege korpsmusikken.

– Vi fekk ein voldsom inspirasjon, rett og slett, og då kom denne ideen ramlande nær sagt frå klår himmel. Og vi tenkte, enn om vi lagar oss ein festival. Vi føler at vi har ein veldig god idé, så dette er vi spente på. Dette skal bli ein festival for heile fylket og vi vert jo veldig glade dersom vi kunne fått skikkeleg fres i dette, seier dirigent for det 90 år gamle korpset i turistbygda Balestrand, Kjell Øystein Rutle.

Han peikar mellom anna på at mange korps og musikklag slit med rekruttering, og nett ein slik korpsfestival midt på vinteren kan vera med og heva statusen og medlemstalet for musikklaga.

Ros frå juryen

– Når folk ser kor kjekt vi har det i lag når vi møtest for å spela, så trur vi at det kan vere med å lokke nye musikantar inn og kanskje og vaksne, som sit der og har lyst å vere med å spela, fortel Marta Kvikne, som er ein av dei aktive musikantane i Balestrand.

Eldstemann

ELDSTEMANN: Trygve Sande (80) er berre ti år yngre enn korpset han spelar i.

Foto: Birger Meland / NRK

Fagjuryen, som vurderer alle finalistane til årets kulturidé, meiner at ein slik festival kan ha mange fordelar.

– Når det er mange utøvarar, så er det også godt publikumspotensiale. Så dette er noko som kan vokse og gro, trur eg, sa juryleiar Pål Fidjestøl og fekk støtte for sitt syn frå dei andre jurymedlemene.

Vakkert om vinteren

Juryen meinte og at det kanskje måtte opnast for at også skulekorpsa kan få sin plass under ein slik festival. Dette stiller arrangørane seg opne for og vil vurdere det nærare i tida framover.

– Vinteren er jo ei tid der det kanskje ikkje er så mykje anna som skjer på korpsfronten og det er jo litt viktig at folk har tid til å vera med. Balestrand er dessutan ein fantastisk flott plass om vinteren. Vakre omgjevnader og flott musikk, vil skapa ei god musikkhelg, seier Marta Kvikne overtydande.

Dersom arrangøren vert vinnar av prisen på 100.000 kroner, lovar dei å bruke dei til å skaffe enda fleire instruktørar, gjesteartistar og få bygd opp ei skikkeleg nettside for festivalen.