Hopp til innhold

Frykta tre skulle øydeleggje steinkross - trefelling delte krossen i to

Den keltiske krossen utanfor Eivindvik kyrkjegard har overlevd to verdskrigar og stormen Dagmar. Men i dag vart han delt i to av trefelling. Eit arbeid som vart gjort for å unngå nettopp at noko slikt skulle skje.

Krossen i Eivindvik

KELTISK: Krossen var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Krossen er eit historisk minnesmerke og sentral i Gulating-arven.

Uhellet skjedde under felling av eit stort tre som stod rett innanfor kyrkjeporten ved Eivindvik kyrkje. Dette treet var gammalt og ein frykta at det skulle ramle ned ved uvêr og knuse krossen.

Og det var nettopp det som skjedde. Men ikkje grunna uvêr. Belinda Haveland bur i Eivindvik, og ho oppdaga kva som hadde skjedd då ho kom køyrande forbi.

– Eg oppdaga at steinkrossen ved kyrkja var øydelagt. Eg trudde knapt mine eigne auge, fortel Belinda Haveland.

Det er knapt ei månad sidan ei liknande hending skjedde i Sogndal. Den nær to meter høge runesteinen ved Stedje kyrkje i Sogndal vart øydelagd av snørydding. 30-40 centimeter av runesteinen var slege av, og dette let seg ikkje reparere.

Står berre att ein stump

Haveland bur like ved, og såg raskt då ho køyrde forbi, at steinkrossen var vekk.

– Det står berre att ein stump, seier Haveland, som tykkjer det heile er trist.

– Dette er ein viktig del av historia vår, og eit kulturminne som går heilt tilbake til Gulatinget, seier Haveland.

– Det manglar jo noko. Ein ser jo med ein gong at det manglar noko her, seier Haveland.

Ho legg til at ho skjønnar godt at trea på kyrkjegarden måtte vekk, men tykkjer det er svært trist at dette skulle bli utfallet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Krossen i Gulen

BERRE EIN STUMP: Dette er alt som står att av den 2,85 meter høge steinen.

Foto: Laila Indrebø / NRK

– Er berre veldig, veldig trist

Kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik, er fortvila over det som har skjedd.

Det er Gulen kyrkjelege fellesråd som har bedd om at det gamle og skadde treet ved kyrkjeporten vert fjerna, nettopp fordi dei frykta at det skulle falle ned og øydeleggje den gamle, keltiske krossen.

– Det som har skjedd i dag er veldig trist. Medan ein dreiv og tok ned eit tre på kyrkjegarden, losna ei grein litt ukontrollert og ramla ned på krossen. Det delte krossen i to, seier Brosvik, som tykkjer det heile er grufullt trist.

Eit automatisk freda minne

– Den delen som er broten av har vi lagt på eit lager. Det er eit reint brot, så her får vi sjå om det er mogleg å reparere dette på noko vis. Dette er eit automatisk freda kulturminne, så dette er berre tragisk, seier Brosvik.

Gulen kyrkjelege fellesråd gjorde ein avtale med Gula skyttarlag om fjerning av treet.

– Dette er dyktige bønder som har stått for det, og vi har ingen grunn til å ha dårleg tillit til dei. Dette er berre eit tragisk uhell, seier Brosvik.

Ho tykkjer også, midt oppi det heile, synd på dei som har vore så uheldige å skade krossen.

– Dei har det veldig vondt i dag, seier Brosvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinkross i Gulen
Foto: Laila Indrebø / NRK

Her Gulatinget var opphavleg

Krossen har stått på same staden sidan 800-900-talet.

– Det står ein anglikansk kross eit par hundre meter lenger borte. Det er mellom desse to krossane at Gulatinget var opphavleg i Norge, og det var der demokratiet slik vi kjenner det, vart skipa. Dette har nokon dimensjonar som er vanskeleg å ta innover seg, seier Brosvik.

Fellesrådet sin leiar er informert, det same er Gulen-ordføraren og lensmannen i Gulen.

– Vi har også meldt det til fylkeskultursjefen. Vi vil sjølvsagt i lag med fylkeskommunen ta kontakt med fagpersonar for å sjå om det er mogleg å gjere noko med det, seier Brosvik.