Hopp til innhold

Ekstra poeng for nynorsk

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil dele ut ekstra poeng til dei som vel nynorsk som hovudmål.

Kristin Halvorsen

DELER UT POENG: Kristin Halvorsen var audmjuk i møtet med målrørsla fredag og vil dele ut ekstra poeng for bruk av nynorsk.

Foto: Kent-Amar Eriksen / NRK

- Nynorsk er også ein svært viktig del av av vår historie, frå frigjeringa frå dansketida, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå SV til bt.no .

Meir nynorsk på nettet

Nyno - nynorsk retteprogram på nett

NYNO: - Det står skralt til på nettet for nynorsken, meiner Halvorsen.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Det vert drøfta fleire tiltak for å fremje nynorsken og kunnskapsdepartementet skal styrke stillinga til nynorsk i Norge gjennom fleire punkt.

Mellom anna vil ho betre læremiddel på nynorsk på nettet.

- Der står det skralt til, seier Halvorsen til avisa.

Audmjuk Halvorsen

Leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård

NØGD: Leiar i Noregs Mållag er nød med Halvorsen sitt siste utspel

Foto: Hege Lothe

Kunnskapsministeren har irritert målrørsla tidlegare i år då det var snakk om karakterar. Då var forslaget å fjerne karakteren i sidemål.

Det vekte sterke reaksjonar frå fleire hald, og det starta ein stor diskusjon om korleis ein skal ta vare på begge måla i Norge.

No har altså Halvorsen blitt meir audmjuk. Då ho var i møte med Noregs mållag fredag vart ho møtt med ståande applaus for det siste utspelet sitt.

- Nynorskelevar er dyktige

Nynorsk eller bokmål?

KUNNSKAP: Mållaget meiner det er viktig at elevar som har nynorsk som sidemål startar tidlegare med læringa enn no.

Foto: Stine Hansen / NRK

- Eigentleg så handlar dette om at dei elevane som brukar nynorsk får poeng for den auka språkkunskapen dei har, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Han meiner elevar som har bok som sidemål er svært gode i sidemålet sitt.

- Ein skal ikkje kunne tene mange poeng på å byte hovudmål. No kan elevar tene fleire poeng ved å byte og det er stikk i strid med måla for nynorsken, seier mållagsleiaren.

Sikre kunnskap om nynorsk

Nynorsk

STIPEND: Mållaget meiner stipend til journalistar som brukar nynorsk er ein god ide.

Foto: Stephan Reis / NRK

Mållaget har landsmøte i helga, og har mange forslag på bordet dei ønskjer å dele med kunnskapsdepartementet.

- Vi må sikre kunnskapen om nynorsk blandt lærarar og elevar som har nynorsk som sidemål må byrje med dette tidlegare enn dei gjer no.

Halvorsen sine tankar om nynorsk på nettet får også mållaget til å applaudere.

- Det er viktig at nynorsk viser att på internett. Vi har fleire forslag til korleis det kan skje. Nye nynorskbrukande journalistar kan få stipend eller moglegheit for å utvikle seg. Vi gjev foreksempel stipend til ein nynorskblogg som legg vekt på korleis ein skal jobbe med nynorsk som sidemål. Det er eitt tiltak.