Hopp til innhold

Braut tann og knuste lampe i jubelrus

Det gjekk hardt for seg under fotballkampen mellom Molde og Sogndal. Også på hytta til stortingsmann Tor Bremer.

Tor Bremer og knust lampe

SKADER: Både den gamle lampa og eine tanna gjekk med under feiringa av Sogndal-sigeren for stortingsmann Tor Bremer (Ap).

Foto: Privat

Tor Bremer med knust lampe

LIKE BLID: Tor Bremer måtte ofre ei tann og ei gammal lampe, men er likevel glad over at Sogndal vann.

Foto: Privat

Det gjekk nok vilt for seg i mange heimar då Sogndal overraskande slo Molde på Fosshaugane denne helga. Men kanskje ikkje like vilt som på hytta til stortingsrepresentant Tor Bremer.

Sogndal-entusiasten frå Luster greide nemleg å gjere skade på både inventar og seg sjølv.

– Spenninga var stor, og engasjementet minst like stort. Så då motstandaren skåra i ein så viktig kamp, beit eg det i meg; bokstaveleg tala. Resultatet vart at det gjekk ei tann med meg.

– Eg var saman med familien, og ville ikkje syne for mykje vonbrot. Så eg beit tenna i hop, og skar tenner slik at halva tanna rauk.

– Gjorde det vondt?

– Nei, det merka eg ikkje. Eventuelle smerter vart overdøva av fortvilinga over målet.

Frå vonbrot til jubel

Knust lampe

KNUST: Glasskåra hagla over Tor Bremer då han knuste denne lampa i jubelrus.

Foto: Privat

Men etter den fyrste skåringa frå Molde, greide Sogndal å snu kampen. Det skapte nye forviklingar hjå Bremer.

– Det var så overraskande at skåringa frå Sogndal kom. Og kva skjer når laget ditt skårar? Då hoppar du jo i veret og slår ut med hendene. Dessverre stod det ei antikk lampe i vegen.

Den antikke lampa hang i frå taket, og tolte ikkje samanstøyten med den jublande stortingsrepresentanten.

– Ja, den var temmeleg gammel. Den vart knust og det hagla glasbitar over meg.

Skulle ta vare på tanna, men...

Bremer venta ikkje med å rydde opp. Han fann tak i støvsugaren, og sette i gong medan han framleis følgde med på kampen på fjernsynet. Tanna som han hadde brote av under fyrste skåring hadde han lagt pent til sides, i eit håp om at den kunne limast på att.

– Men då kom jo skåring nummer tre. Og i jubelen mista eg kontrollen over støvsugaren og dermed forsvann tanna inn i den.

Då kampen var over kunne lustringen juble over at Sogndal framleis ikkje har tapt ein kamp i tippeligaen. Men det kosta ei tann og ei antikk lampe.

No ventar ein tur til tannlegen for å få reparert tanna. Dessutan er han på utkikk etter ei tilsvarande gammal lampe til hytta.

– Er det slik kvar gong du ser Sogndal-kampar?

– Nei, heldigvis ikkje. Då kunne det blitt ei dyr oppleving å sjå fotball, humrar Tor Bremer.

  • Korleis feira du Sogndal-sigeren over Molde? Del gjerne di historie i kommentarfeltet under.