Hopp til innhold

Vil bruke ein kvart million kroner på likestilling i barnehagen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil bruke ein kvart million kroner på likestillingsarbeid i barnehagane. – Galskap, meiner Frp.

Video Barnehagebarn ønsker snø

LEIK: Likestilling og likeverd i barnehagane er eit nedprioritert område, meiner Berit Inger Rygg hos fylkesmannen.

Foto: Nyhetsspiller

Barnehageansvarleg Berit Inger Rygg hos fylkesmannen meiner gutar og jenter blir behandla ulikt i barnehagane.

– Vi merkar det godt på måten vi snakkar til gutar og jenter. Vi har eit heilt anna språk, ein heilt annan måte å trøyste gutar og jenter på, seier Rygg.

Bryr seg lite

Fylkesmannen vil bruke 230.000 kroner på likestillingsarbeid i barnehagane i Sogn og Fjordane. Likestilling og likeverd i barnehagane er eit nedprioritert område, skriv Rygg mellom anna på fylkesmannsbloggen.

Ho viser mellom anna til at jo yngre tilsette i barnehagen er, til mindre bryr dei seg om likestilling.

– Ta no eit eksempel på ei jente som klatrar høgt i eit tre. Så står det gjerne ei dame nedanfor og seier «no må du vere forsiktig så du ikkje dett ned». Er det ein gut, så oppmuntrar du gjerne, seier ho.

– Gamaldags

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, er oppgitt over korleis Rygg argumenterer.

Han meiner tiltaket minner meir om likestillingskampen som gjekk på 40-talet.

– Med få ord, så er dette ein veldig gamaldags likestillingskamp. Til gutar seier du at «du er tøft kledd», medan jenter er «fint» kledd. Det tykkjer eg er heilt greitt. For jenter kler seg fint og gutar kler seg tøft. Slik skal det vere, seier han.

Viktig arbeid

Rygg meiner derimot at arbeidet er viktig og seier likestilling og likeverd i barnehagane er eit nedprioritert område.

Barnehagen og samfunnet set grenser for korleis jenter og gutar skal vere.

– Utdanningsdirektoratet har i vårt oppdrag gjeve oss middel til å drive likestillingsarbeid i barnehagen og det betyr at den likestillingskampen faktisk må halde fram, seier ho.