Hopp til innhold

Basehopparen Karl Amund overlevde 300 meter fritt fall

Søndag fall Karl Amund Arneberg (58) minst 300 meter i fritt fall før han small inn i steinura under ein fjelltopp i Flåm. Tysdag var han på beina att i gangane på Førde sentralsjukehus.

Karl i gangen

I FARTEN: - Eg må bevege meg, elles blir eg heilt av i ryggen, seier Karl Amund Arneberg - med to brot i ryggen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Den erfarne basehopparen frå Oslo har kompresjonsbrot i ryggen, ein blåslegen olboge og ei bakside som er godt mørbanka.

Til alt hell er høgre lårbein bytt ut med titan etter ei tidlegare rideulykke, elles hadde nok utfallet vore verre.

– Ja, eg har svære titanskruer inn i hofta. Utan det, hadde beinet vore pinneved, for det var høgre sida eg landa på. Hurra for titan, seier Arneberg.

Har lang merittliste

Og han er ingen kven som helst i basehoppmiljøet. Arneberg vert av folk i gamet kalla «bestefar». Fordi han er ein av dei eldste som driv med denne typen sport.

Det er, ifølgje han sjølv, ingen andre som framleis hoppar som har drive med basehopping så lenge som han, og han tok til i 1981.

Han har også drive med fallskjermhopping sidan 1972. Mellom anna har han hoppa frå hopptårnet i Holmenkollen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl og baksida

MØRBANKA: - Under her er det ille. Men til alt hell er lårbeinet rein titan.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Alt var i orden på toppen

Laurdag drog han saman med to kompisar frå Oslo til Flåm for å hoppe basehopp. Skjermane vart pakka som vanleg laurdag kveld, og så tok dei til å gå opp på fjelltoppen i 12.30-tida søndag.

– Vi heldt eit roleg og pent tempo opp mot toppen, så vi var ikkje utmatta eller slitne på toppen, fortel Arneberg.

Vel på toppen, sela karane på seg og gjorde seg klare.

– Vi blei einige om at eg og han eine skulle gå først. Vi sela på, gjorde high five som vanleg. Så skulle eg gå bak han andre og liggje på han, så eg sa: gjer seks sekund fritt fall, seier Arneberg.

Forstod han hadde venta for lenge

Men så vart det til at kompisen gjorde eit ganske langt fritt fall.

– Og så fekk eg berre granrush, så eg berre kasta ut pilotskjermen, og så tenkte eg: nei, eg kjem til å døy, seier Arneberg, vel vitande om at han hadde hatt minst eitt sekund for mykje i fritt fall.

– Idet skjermen opnar, så trur eg at han har snudd seg 180 grader, eller at han snur seg i opninga. Eg var heilt sikker på at eg skulle døy. Eg treffer steinura så hardt, og så tenkjer eg at, no er det over, seier han.


Han trefte til alt hell på ein svær stein.

– Eg må ha treft på største steinen i heile ura. Eg har hatt utruleg flaks på alle måtar. Eg har nokon takk til Vår Herre, seier Arneberg.

– Eg blei slengt nedover eit godt stykke, og så stoppa det opp. Og då tenkte eg, oi, eg lever. Så ropte eg til kompisane mine, seier Arneberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon

VART REDDA: Her bergar redningshelikopteret ned Karl Amund Arneberg.

Foto: BI-tipsar

Lovprisar luftambulansen

Dei to kameratane kom klatrande, og konstaterer raskt at bestefar må ha hjelp av helikopter for å komme seg derifrå.

– Det gjorde så vondt. Eg prøvde å setje meg opp, men eg hadde ikkje ein sjanse i havet, seier Arneberg.

Han kan ikkje få lovprist karane i luftambulansen i Førde nok.

– Dei kom fort. Det var ikkje lenge eg låg der, seier Arneberg.

Han er også klar på at karane i redningshelikopteret gjorde ein kjempeinnsats for å få han ned.

– Dei var veldig flinke. Piloten var god til å flyge, altså, seier Arneberg.

Det var nemleg så liten plass at piloten måtte halde helikopteret i lufta, med berre den eine meien nedi steinura.

– Så kom det ut ein redningsmann, firte seg ned, plukka meg ned og så drog vi av garde til sjukehus, seier Arneberg.

Tok for langt fritt fall

Han er klar på at det eine og åleine var hans eigen feil at han enda i steinura.

– Eg tok altfor langt frittfall. Det er ikkje noko anna å seie om det, seier Arneberg.

– Men då du tenkte: no døyr eg? Kva gjekk gjennom hovudet ditt då?

– Eg hadde så bra fritt fall, veit du. Så såg eg kompisen min på sida. Så låg eg og såg på han, men litt for lenge. Då tenkte eg, dette held ikkje. Så small det. Hadde eg trekt eitt til to sekund før, så hadde det vore greitt, seier Arneberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Albogen

SKAL HOPPE ATT: Slik ser albogen til Karl Amund Arneberg ut. Sjølv er han viss på at han skal tilbake til Flåm for å hoppe.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har brote alle bein utanom eitt

Han hugsar framleis smertene som jog gjennom kroppen i det han trefte bakken.

– Det var heilt grotesk. Heilt grotesk. Eg tenkte berre; press beina saman og prøv å rull med. Men det går så fort inni hovudet, seier Arneberg.

Han har brote alle bein i kroppen, utanom kragebeinet. Og det skuldast ikkje berre base- og fallskjermhopping.

– Eg har tre frontkollisjonar i 100 kilometer i timen, fått ein hest over meg, og fleire fallskjermulykker. Ein lurer litt på kor mange liv eg har, i grunn, seier Arneberg.

Skal tilbake til Flåm

Som testhoppar hoppa han ein gong med ein fallskjerm som rett og slett ikkje verka.

– Då trefte eg bakken så hardt at det vart krater. Den gongen vart et liggjande på sjukehus ei god stund, seier han.

Likevel er han klar; han skal tilbake til Aurland.

– Eg må tilbake i den veggen. Heilt klart. Det er ei enorm kjensle å kunne fly slik. Du blir jo avhengig av det. Ein må nesten prøve det, seier Arneberg.