Hopp til innhold

– Dette er ikkje eit tilbod. Det er eit skambod

Bøndene skildrar staten sitt tilbod i landbruksforhandlingane som eit skambod. No varslar dei aksjonar.

Kraftig misnøye med Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

SKUFFA: Claus Mo (leiar i Hafslo Bondelag), Jimmy Hilleren (leiar i Veitastrond bondelag) og Tormod Kjørlaug (leiar i Indre Hafslo Bondelag) er skuffa over tilbodet frå staten.

Foto: Arve Uglum / NRK

Bøndene sitt krav om 2,2 milliardar kroner , vart i dag møtt med eit tilbod på 900 millionar kroner .

Det sjokkerer bondelagsleiarane Claus Mo, Jimmy Hilleren og Tormod Kjørlaug. Mo utelukkar ikkje aksjonar frå bøndene.

– Dette er ikkje eit tilbod. Det er eit skambod. Det er alt for lite, og gjer at snittbonden vil få auke på kring 13.000 kroner i året, medan ein vanleg lønnstakar i Norge får ein snittauke på 17.400 kroner. Bøndene ligg allereie langt etter, men no blir gapet større, seier Mo, leiar i Hafslo bondelag.

For seint, for dårleg

Staten klarte ikkje å halde sin eigen frist for å legge fram eit tilbod til bøndene , og då dei først la det på bordet var det frykteleg skuffande lesnad for bøndene.

Lars Peder Brekk

SEINT OG DÅRLEG: Bøndene tykkjer lite om tilbodet frå minister Lars Peder Brekk og staten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Til Nationen seier Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag og leiar for jordbrukets forhandlingsutval, at tilbodet ikkje vil medverke til å tette inntektstapet mellom bonden og andre grupper i samfunnet. Til same avisa oppmodar bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag, Espen Eikaas Syljuåsen, at faglaga bør vurdere å bryte jordbruksforhandlingane.

Bondelagsleiarane i Hafslo svara med å stille seg opp på butikken, der dei selde mjølk til 4,51 kroner literen. Den ville vore ti øre dyrare om tilbodet blir reelt.

– Dette er ikkje det vi sit att med, men det vi får for å dekkje våre utgifter med, seier Mo.

Venta løft i 2012

Gapet mellom krav og tilbod i landbruksforhandlingane har vore stort dei siste åra. Etter at landbruksmeldinga "Velkommen til bords" vart lagt fram, trudde mange at 2012 skulle bli året der bøndene skulle nærme seg lønnsnivået til andre yrkesgrupper.

Bondelagsleiar Per Hilleren

SKUFFANDE: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, konstaterer det ikkje vil skje i år heller. Om tilbodet frå staten blir ståande.

– Skulle det bli ståande, så er dette eit ytterlegare signal om at dei ikkje ynskjer å satse på landbruket, og vere med på å stimulere til at gardane vert haldne i drift. Det er eit skuffande tilbod, seier han.

Gardsbruka forsvinn

I dag er det att under halva av dei 96.300 bruka som var registrert i 1990. I 2010 var det registrert 46.650 bruk ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Tilsvarande utvikling for tal årsverk i landbruket gjekk i same periode frå 98.700 til 56.400.

– Ser berre den negative utviklinga som har vore, så er eg redd for at den vil halde fram slik situasjonen er no. Når ikkje politikarane no viser handling ut frå den landbruksmeldinga lagt fram, så vil eg seie at dette ser svart ut, seier bondelagsleiaren som i eige fylket har sett kring 1.700 gardsbruk forsvinne siste ti åra.

Har ikkje handlekraft

Også Hilleren viser til landbruksmeldinga «Velkommen til bords» som vart lagt fram for kort tid sidan.

Dette er ei melding som fortel om regjeringa sitt ambisiøse mål om å auke matproduksjonen med 20 prosent innan 2030.

– Den inneheld veldig mange fine formuleringar og ord. Og eg trudde at politikarane no hadde hatt, og vist, vilje til å gå frå ord til handling. Det har dei absolutt ikkje gjort, seier han skuffa.

Varslar aksjonar

I Hafslo hjelp det lite å høyre Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) fortelje kor mykje meir bøndene har fått sidan 2006. Spesielt når dei ser andre yrkesgrupper har auka langt meir i same perioden.

– Strikken er tøyd og tøyd og tøyd, og før eller seinare vil det gje seg. Det er stor vilje blant bøndene til å aksjonere. Og ein kan ikkje garantere at det ikkje vil gå utover ein tredjeperson, seier Mo og får støtte frå leiaren i Sogn og Fjordane bondelag.

– Eg veit at frustrasjonen og forargelsen er stor blant mine medlemmer, og tilliten til politikarane er sviktande. Vi får sjå kva som blir i kjølvatnet av tilbodet, seier Hilleren.