Hopp til innhold

Vil bryte tingingane med staten

Leiar i Breim Bondelag, Anders Felde, meiner bøndene må bryte årets jordbruksforhandlingar med staten.

Anders Felde

Anders Felde, leiar i Breim Bondelag

Foto: Asgeir Reksnes/NRK

Denne veka kom tilbodet frå staten to dagar på overtid , men medan bøndene kravde 2, 2 milliardar var tilbodet frå staten på 900 millionar kroner.

Bondelagsleiaren i Breim meiner det er berre å bryte forhandlingane allereie no.

– Tidlegare i år fekk vi ei landbruksmelding som seier mykje fint. Som har mange gode målsetjingar og intensjonar om norsk landbruk. Det har vi stolt på og sjølve snakka fint om, og hatt høge forventningar til. Så blir vi møtt med det kanskje dårlegaste tilbodet på mange år, seier Anders Felde.

13.000 per årsverk

Tilbodet som kom onsdag ggir grunnlag for ein inntektsauke på 4,5 prosent for 2013, eller kring 13.000 kroner per årsverk.

– Tilbodet frå staten startar oppfølginga av den nye landbruks- og matmeldinga som Stortinget nett har behandla. Det blir lagt til rette for auka produksjon og tilbodet vidarefører den gode inntektsveksten i jordbruket dei siste åra og forsterkar investeringsverkemidlane. Effekten på matprisane vil bli under ein halv prosent, sa statens forhandlingsleiar, Leif Forsell.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjøs på Byrkjelo.

MOTSTAND: Slik blir bøndene sin misnøye med tilbodet markert i Breim.

Foto: Privat

Varslar aksjonar

Men bøndene er langt frå nøgde. Allereie same dag gjekk bondelagsleiaren i Hafslo Bondelag, Claus Mo, ut og skildra det som eit skambod.

– Det er alt for lite, og gjer at snittbonden vil få auke på kring 13.000 kroner i året, medan ein vanleg lønnstakar i Norge får ein snittauke på 17.400 kroner. Bøndene ligg allereie langt etter, men no blir gapet større, sa Mo.

Både Mo og leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, varsla at aksjonsviljen blant bøndene er stor .

– Eit svik

Også Felde viser til den mykje omtala matmeldinga som legg opp til ein auka matproduksjon med 20 prosent innan 2030.

Sidan 1990 er tal gardsbruk over halvert i Norge. Bøndene fryktar fleire vil kunne forsvinne om ikkje politikarane endrar kursen.

– Eg vil faktisk gå so langt som å kalle det eit svik i forhold til det som ligg i landbruksmeldinga, seier Felde.

– Sterke ord, men ...

– Du brukar ordet svik ifrå regjeringa, det er ganske sterke ord?

– Det er harde ord, men når du har delteke på møte med landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), og han har snakka så positivt, og sagt at dei klare og gode verkemidla kjem i jordbruksoppgjeret, seier han og legg til:

– Så blir vi møtt på denne måten i tilbodet frå staten, så meiner vi at vi med rette kan gå so langt.