Hopp til innhold

Bønder tok med seg ordførarane

I frustrasjon over brotet i jordbruksoppgjeret, tok bøndene i Nordfjord dei fem ordførane i regionen. Dei fryktar ikkje reaksjonar frå politiet.

Kidnappa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

KIDNAPPA: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, vart måndag morgon «kidnappa» av bøndene på Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Medan bønder i Gloppen og Stryn stengjer Utvikfjellet, trappa kollegaene i dei fem nordfjordkommunane opp på ordførarkontora og tok med seg ordførarane.

  • KVA MEINER DU OM AKSJONSFORMA TIL BØNDENE? SEI DI MEINING HER.

Handlingane var ikkje avtala med ordførarane på førehand.

– Vi vil halde på han til kravet er innfridd, seier bondelagsleiar Knut Tore Nes Hjelle til NRK.no om «kidnappinga» av Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Fekk viljen sin

Bøndene vart tekne med til Stryn der Nordfjordrådet skulle samlast. For å bli «sleppt fri» måtte rådet vedta ein uttale til landbruksminister Lars Peder Brekk.

Traktor ved E39 i Førde.

FØRDE: Traktor ved E39 i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Like før klokka 11 var uttalen vedteke og godkjent av bøndene. Her rår dei ordførarane ministeren om å ta naudsynte initiativ til at partane kan ta opp att forhandlingane.

– Vi krev at måla og strategiane i landbruksmeldinga må følgjast opp i årets jordbruksforhandlingar. Det må løne seg å produsere god og kortreist mat, og bøndene må kunne ha inntekter som gjer det mogleg å investere for framtida – også for nye generasjonar bønder i Nordfjord, skriv dei.

Frykta ikkje reaksjonar

Etter å ha fått eit tilbod på 900 millionar kroner i årets landbruksoppgjer, bestemte bøndene seg for å ikkje setje seg til forhandlingsbordet.

Over heile landet har bønder aksjonert sidan søndag, og det er venta at aksjonane vil halde fram utover veka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bønder protesterer i Eid.

AKSJON: Bøndene i Nordfjord har samordna seg og kidnappar ordførarane i dei fem kommunane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– De fryktar ikkje at dette kan bli politisaker?

– Det har vi ikkje frykta, men skulle det blir det så skal vi ta den straffa det skulle vere. Det viktigaste er å få fram bodskapen, seier Nes Hjelle om «kidnappingsaksjonen».

– Alvorleg situasjon

Fjøs på Byrkjelo.

BREIM: Fjøs på Byrkjelo.

Foto: Privat

– Er innhaldet tilfredsstillande for oss, så slepp vi ordførarane. Situasjonen er veldig alvorleg, og då gjer vi dei grep vi meiner er naudsynte for å få fram poenga, seier Nes Hjelle.

Bøndene meiner tilbodet frå staten var for langt frå kravet på 2,2 milliardar kroner, og at det ikkje følgjer opp signala som i vinter kom gjennom landbruksmeldinga.

Tre ordførarar i Nordfjord kidnappa.

I TRAKTOR: Bøndene fraktar ordførarane dei 45 kilometerane til Stryn. Også ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen, Morten Hagen (H) i Vågsøy, Ottar Nygård (tverrpolitisk liste) i Selje, Sven Flo (H) i Stryn og Anne Britt Øen-Nygård (Sp) i Hornindal stod på bøndene si kidnappingsliste.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I Eid har traktorar forpurra morgontrafikken. Det same er venta å skje i Førde, Skei og Sogndal i ettermiddag.

– Kva er gale med å forhandle? Lars Peder Brekk seier han har meir å gå på?

– Det er ikkje noko hjelp i å komme med når forhandlingane er brotne. Vi ligg langt etter i utgangspunktet og når vi ikkje får vekst i år heller på tilbodet, så såg vi ikkje anna utveg enn å bryte, seier Nes Hjelle.

– Ser mørkt ut

To av dei fem nordfjordordførarane representerer den raudgrøne regjeringa.

– Det ser litt mørkt ut for min del. Eg er ikkje sikker på kor mykje pengar Stoltenberg er villig til å legge på bordet for å få meg fri. Men ut over det det er tydeleg at alvoret i forhandlingane er større enn dei fleste er klar over, seier Bjørlo.

Bøndene aksjonerer i Eid.

APPELL: Bøndene protesterer mot landbruksoppgjeret i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK