Hopp til innhold

Bøndene takka nei til 300.000 kroner per årsverk

Bøndene sitt brot i jordbruksforhandlingane betyr at dei takkar nei til vel 300.000 kroner per årsverk i inntekt. Det seier avdelingsleiar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking Lars Johan Rustad.

Kjell Magne Åshamar
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ein gjennomsnitts mjølkebonde sitt gardsbruk er på nesten to årsverk, noko som kunne betydd godt over 500 000 i årsløn.

Gjennomsnittsinntekta for eit årsverk i jordbruker ville med statens tilbod i jordbruksforhandlingane auka med 13000 kroner slik at den nesten vart 300 000 kroner per årsverk.

Ville ha auka med 13.000 kroner

Mjølkebonde Kjell Magne Åshamar på Nordfjordeid er ein av fleire bønder som vil ha meir pengar for jobben han gjer.

– 300.000 er også ei låg inntekt når du tenkjer på at du er i ei næring som både skal reinvestere og ha rom til å utvikle seg. Eg registrerer at lønsinntektene i snitt i landet er atskilleg høgare, seier Åshamar.

Tala for inntektene i jordbruket varierer alt etter kven som målber bodskapen. Men ein av dei som veit meir om dette enn dei fleste er Lars Johan Rustad, som er avdelingsleiar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og sit og i sekretariatet til budsjettnemnda for jordbruket.

Har hatt auke dei siste åra

Det er dei som årleg reknar seg fram til kva bøndene tenar og som utgjer ein viktig del av grunnlaget for jordbruksforhandlingane.

Rustad seier at bøndene har hatt ei auke i inntektene dei siste åra. I 2011 tente bønden 258 300 kroner per årsverk, i år er talet 287 000, staten sitt tilbod på 13000 ville betydd endå ei auke i 2013.

– Med det tilbodet hadde inntekta lege på om lag 300.000 kroner, seier Rustad.

Høgare inntekt ved meir jobb

Men ein bonde kan tene meir enn som så. Eit gjennomsnittleg mjølkebruk er i dag på vel 124 000 liter mjølk.

Staten reknar med at ein må jobbe 3550 timar for å klare dette. Det er nesten 2 årsverk. Dermed kan ein nesten doble inntekta.

– Viss ein jobbar meir, så kan ein ha høg inntekt. Men per årsverk vert det likevel lågare, seier Rustad.

Men staten reknar ikkje med at bonden skal jobbe 75 timars arbeidsveke. Rustad seier at ved så store gardar må bøndene leige inn betydeleg arbeidsinnsats, gjerne frå ektefelle, born eller foreldre.

Snittlønna er 480.000 kroner

Gjennomsnittsinntekta per bonde i Norge i dag er vel 480 000 kroner, eit tal som fleire kritikarar av norsk landbruk meiner er eit bevis på at bøndene tener det same som gjennomsnittsinntekta er i Norge.

Men Rustad meiner tala ikkje er brukande for å forstå inntektene frå gardsdrift.

Årsaka er at mange bønder har arbeid utanom bruket, til dømes kan ein lærar tene 400 000 på jobben sin og 100 000 på garden, og likevel ende i statistikken som ein bonde som tener ein halv million kroner.

– Dei tala syner for så vidt at bonden ikkje nødvendigvis er fattig. Sjølv om han tener høvesvis dårleg på jordbruket, så vert det kompensert gjennom inntekt frå andre kjelder, seier Rustad.

Jobbar vel 3000 timar i året

På garden til Kjell Magne Åshamar jobbar bonden sjølv vel 3000 timar i året.

Det er langt over eitt årsverk og skal ifølgje staten bety at han nærmar seg ei gjennomsnittleg norsk årsløn som er på vel 480 000 kroner utan overtid.

Men overtid er eit framandord for dei fleste norske bønder seier Åshamar som fryktar at arbeidspresset skremmer ungdomen vekk frå bondeyrket.

– Eg trur ungdommen som skal inn i landbruket er kapabel til å jobbe like mykje som oss og ha det kjekt. Men viss ungane i heimen ser at du ikkje har tid til noko som helst, så vert dei avskremde før dei får prøvd. Det er der problemet med å jobbe mykje ligg, seier Åshamar.

Både staten og bøndene er samde om at måten å rekne på er inntekt per årsverk i jordbruket. Den vil med jordbruksoppgjeret vere 300.000 kroner.