Hopp til innhold

32 born utsette for familievald

Politiet registrerte i fjor 32 tilfelle der born er blitt utsette for vald frå ein nær omsorgsperson. Det er sju fleire enn året før.

Det fortel familievald-koordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, til avisa Firda. Han likar dårleg at talet på familievaldssaker i fylket dei siste åra har vore på rundt 150 i året.

– Vi veit at det er fleire tilfelle der ute, så eg skulle gjerne sett at vi hadde greidd å opprette endå fleire saker, seier Gulliksen til avisa og legg til:

– Ofte er dei sakene vi kjem bort i berre toppen av isfjellet.

I løpet av dei ti åra politiet har hatt ei stilling som familievald-koordinator har det vore ei tredobling i talet på slike saker. Dette truleg fordi politiet har sett fokus på problemstillinga, skriv avisa vidare. I alle sakene sender politiet ei bekymringsmelding til barnevernet.

– Vi ser også at det er ein del «oppdragarvald». Når mor eller far går tom for ord, så brukar dei makt i staden for. Det er sjølvsagt ikkje akseptert, seier Gulliksen til Firda.

Før helga vart det kjent at politiet i Sogn og Fjordane har sikta eit foreldrepar i Sunnfjord for vald mot sin eigen baby. Babyen vart lagt inn på sjukehus i fjor haust og hadde då fleire alvorlege skader.