Hopp til innhold

103 kommunetilsette ut i streik

103 tilsette i kommunar og fylkeskommune i Sogn og Fjordane er tekne ut i streik frå i dag tidleg. Bakgrunnen er at det ikkje vart semje mellom partane i meklinga.

Solveig Løvik Norevik
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det var for stor avstand mellom det vi krev og det tilbodet vi fekk, seier dagleg leiar i Fagforbundet i Sogn og Fjordane, Solveig Løvik Norevik, etter at det frå i dag tidleg er klart at det blir streik.

I første omgang er det tilsette i Førde, Jølster, Lærdal, Stryn og Fylkeskommunen som er tekne ut i streik.

– Det er i første omgang administrasjonen som blir råka. Folk vil ikkje få dei same tenestene som ved ein normal dag. Men det er ikkje fare for liv og helse. Folk skal få sine basale behov, seier ho.

– Kvifor blei det streik?

– Så langt eg veit no, så er rett og slett avstanden for stor. Vi lykkast ikkje å bli einige om einige om eit anbefalt forslag.

– Korleis vil folk merke streiken?

– Det er til dømes kontortilsette på skulane og i barnehagar. Folk kan merke det på at dei ikkje får svar like kjapt som ein er van på når dei tek kontakt med kommunale kontor.

Flest i Lærdal

Lærdal er den kommunen som er hardast råka. Her streikar 37 kommunalt tilsette. I første omgang gjeld dette tilsette i sentraladministrasjonen, kulturkontoret, Lærdalsøyri barnehage, pleie- og omsorg og teknisk drift.

I Førde streikar 28 tilsette i ei lang rekkje etatar. I Jølster er det sju tilsette, fem av dei på kommunehuset, ein på uteseksjonen og ein på Skei skule. I Stryn er det 12 tilsette som streikar.

I tillegg er det 15 fylkeskommualt tilsette ute i streik, 12 av dei i Førde og tre av dei i Stryn.

25 000 totalt

Til saman streikar no 25 000 arbeidstakarar i Norge etter at det blei brot i forhandlingane for tilsette i stat og kommune. Unio, LO Stat og YS og Akademikarane har førebels ikkje teke ut nokon i streik i Sogn og Fjordane.