Hopp til innhold

Trappar opp streik over helga

Over helga trappar Fagforbundet streiken vesentleg opp i Sogn og Fjordane.

Streik i Førde

TRAPPAR OPP: Fagforbundet i Sogn og Fjordane vil trappe opp streiken frå tysdag av.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter brotet i lønsforhandlingane vart 103 medlemer i Fagforbundet tekne ut i streik torsdag . Totalt streikar 25.000 arbeidstakarar.

Fylkesleiar Solveig Løvik Norevik seier til Firda.no at streiken blir trappa opp tysdag i neste veke.

– Opptrappinga vil merkast, men vi vil unngå å råke helsetenestene, i alle fall i desse første fasane, seier ho til avisa og legg til at opptrappinga vil gjelde fylkeskommunen og kommunane dei allereie er tekne ut.

Løvik Norevik trur ikkje at det blir gjort trekk frå partane som får streiken til å gå over innan den tid.