Hopp til innhold

Ambulanseførar kom frå dette med lettare skader

Ein kvinneleg ambulanseførar i 40-åra kom frå det med lettare skader etter at ein ambulanse køyrde utfor ein kring 30 meter høg skrent mellom Hauge og Ryland i Bremanger.

Ambulansen køyrde av fylkesveg 616.

ULUKKE: Ambulansen stogga på ein grusveg etter at den køyrde av vegen.

Foto: Annbjørg Hauge

Ulukka vart meldt like over klokka 22. Kvinna var ifølgje politiet åleine i ambulansen og på veg til ein pasient då den brasa utfor fylkesveg 616 ved Løviknes.

Personar som NRK.no har snakka med på staden fortel at skrenten kan vere så høg som 30–40 meter.

– Eg hadde absolutt aldri venta å sjå personen komme levande ut av bilen etter ei slik ferd. Vedkommande var veldig, veldig heldig, fortel kvinna som kom som førstemann til ulukkesstaden til NRK.no.

(Saka held fram under biletet)

Ambulanse brasa utfor veg i Bremanger.

UTFOR: Ambulansen var på veg for å hente ein pasient då den køyrde utfor denne skråningen.

Foto: Annbjørg Hauge

Høyrde sirener

Det var vrakrestar i vegbana som vekte merksemda til kvinna då ho var på veg heim frå jobb.

– Eg trudde først det var tale om ein motorsyklist som hadde køyrt utfor, og høyrde sirener så eg trudde ulukka var varsla og ambulansen var på veg. Då eg såg utfor såg eg ambulansen stå der med sirene på, seier ho.

Bilen hadde fått store skader og det låg utstyr spreidd kring bilen.

Høyrde døra gå opp

Instinktivt fann ho fram telefonen og ringde naudtelefonen medan ho tok seg ned til ambulansen. Til alt hell landa ambulansen på alle fire hjul etter ulukka.

– Eg ropte «Hallo, hallo. Er det nokon der». Så vart sirenene slått av og eg høyrde døra gå opp og ho kom ut av bilen. Det hadde eg aldri venta når bilen såg slik ut som den gjorde, fortel kvinna til NRK.no.

Også ambulanseføraren fekk varsla frå om ulukka.

Vegen der ulukka skjedde er smal og kronglete. Ambulansen skal ha møtt ein annan bil like før ulukka. Politiet har ikkje kjennskap til om det kan ha vore ei medverkande årsak til ulukka.

Skulle hente pasient

Svein Rød ved operasjonssentralen i Florø, opplyser at det er tale om eitt einsleg køyrety med ei kvinne i 40-åra om bord som har køyrt av vegen.

Ambulansen har fått store skader etter den ville ferda utfor skrenten, som politiet har fått opplyst til å vere kring 20 meter høg. Kvinna vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

– Ambulansen var på veg til å hente ein pasient då ulukka skjedde, opplyser Rød til NRK.no.

Har ikkje fått følgje

Helse Førde stadfestar også ulukka på sine nettsider. Så langt helseføretaket kjenner til, skal ikkje ulukka ha fått følgjer for pasienten som ambulansen opphavleg var på veg til.

– Vi veit lite om årsaka til ulukka, men no er vi mest opptekne av å ivareta den forulykka på ein best mogleg måte, og samstundes ivareta våre tilsette, seier ambulansesjef Stian Sægrov.

Kommunikasjonssjef Arne Eithun opplyser til NRK.no at kvinna kom frå det med lettare skader. Arbeidstilsynet og Den Nasjonale Ambulanseulukkeskommisjonen er rutinemessig varsla om ulukka.

Ulukka blir etteforska ved Bremanger lensmannskontor.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.