Hopp til innhold

Meiner politimelding er grunnlaus

– Politimeldinga mot Stryn sommarski for bruk av ulovleg kloakkanlegg er grunnlaus, seier Tobias Dahle som er teknisk sjef i Stryn kommune.

Stryn sommarskisenter

- LOVLEG: Stryn kommune seier kloakkanlegget ved skisenteret er lovleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sist veke blei det kjend at Per Garen, eigaren av Videseter Hotel, hadde meld sommarskisenteret til politiet for miljøkriminalitet, mellom anna med påstand om mangelfull reinsing av kloakken frå skisenteret.

Store mengder kloakk renn ureinsa ut i elva, meiner Garen. Stryn kommune ville først ikkje kommentere saka, men slår no fast at kloakkanlegget som blei godkjend midt på 1970-talet, framleis er lovleg.

– Løyvet gjeld enno, så anlegget er lovleg, seier Dahle.

Meiner dei har eigeninteresse

Sommarskisenteret og Per Garen har også tidlegare vore i konflikt då han nekta å ha mobilmaster på eigedomen sin, noko som førte til at skisenteret ikkje fekk god nok mobildekning.

Garen vil ikkje kommentere kloakksaka på radio, men seier til NRK at det er som forventa at Stryn kommune tek sommarskisenteret i forsvar. Han viser til at Stryn kommune er medeigar i skisenteret og at dei difor har eigeninteresse i å dysse saka ned. Dahle avviser kritikken frå Garen

– Nei, det har ingen rot i verkelegheita, seier han.

Har ikkje starta etterforsking

Nils Bakke, straffesaksansvarleg for politiet i Nordfjord, fortel at dei så langt ikkje har starta noko etterforsking i saka. Det er heller ikkje sikkert det vil bli starta etterforsking, seier han.

Vi har sendt saka over til jurist for vurdering. Det vil avgjere om vi skal starte etterforsking,