Hopp til innhold

Fekk laks etter berre fem minuttar

Bjarne Huseklepp fekk ein eventyrleg start på laksefisket i Flekkeelva.

Bjarne Huseklepp

ÅTTE KILOS: Bjarne Huseklepp med ein laks på åtte kilo. På sesongens to første kast vart det ein laks på åtte kilo og ein på sju kilo.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fem minuttar etter at laksefisket opna midnatt, kasta han sesongens første kast.

Og ein åtte kilos rugg var ikkje verre på det enn at den gjekk rett på kroken.

– Eg brukte åtte minuttar på å lande den første, fortel ein engasjert Huseklepp.

– Berre heilt fantastisk

Huseklepp har all grunn til å vere entusiastisk over starten på laksefisket. For etter nokre timar på puta, var det duka for kast nummer to i morgontimane fredag. Medan NRK-reporter Silje Guddal tusla ned mot elvebreidda, glefste laks nummer to over fluga.

Etter fire-fem minuttar var kampen over, og sesongens andre laks landa.

– Dette er jo berre heilt fantastisk. To kast og to laksar. Dette er ein ekte villaks, som har stått litt i elva. For her er ikkje lus på den, seier Huseklepp.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Snart startar laksefiske

SJÅ: No startar laksefisket.

Over 20 laks

Laksefisket er årets høgdepunkt for mange fiskeentusiastar, og ventetida har vore lang sidan august i fjor då laksefisket stengde.

Allereie sju timar inn i årets sesong var det landa over 20 laks i Flekkeelva.

– Når du er ferdig med sesongen, så er du glad for å vere ferdig. For det er eit hardt liv dette med lite søvn og mykje ute på glatta i mørkret. Men når det har gått ei veke, fjorten dagar, så er det på gang att. Det er dei fine opplevingane som er det artige og som gir deg energi heile vinteren. At du får laks er berre bonus, fortel Huseklepp, medan ruggen hoppar i elva under den skyfrie himmelen.

Innførte kvote

Håkon Huseklepp med to laks.

FISKELUKKE: Håkon Huseklepp landa laks på ni og sju kilo.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Når det er så enkelt at du får to laks på to kast, då er det moro. Eg visste at de skulle komme og gjere opptak, så eg våga ikkje å kaste ut att før de kom. Då kunne jo sesongen allereie vere over, legg han til.

Også bror hans, Håkon Huseklepp, var mellom dei som i nattetimane landa laks. Ein på ni kilo, og ein på sju kilo.

– Her i sone to er det 12 som har fiska. Så langt ser det ut til at dei fleste ligg på to laks, seier Bjarne Huseklepp.

– Pangstart

Laks landa i Flekkeelva

SJU KILO: Denne laksen vog kring sju kilo.

Foto: Silje Guddal

Ekspertane har spådd mykje storlaks i år, og Huseklepp både håpar og trur på ein ny opplevingsrik laksesesong. For laksen er i elva.

– Eg såg dei første ved brua i Flekke 8. april. Det har vore jamn og fin inngang i elva, så eg håpar det gir ein god sesong. Det er det vi jobbar for, seier han og konkluderer med at laksefisket 2012 fekk ein pangstart.

– Det er nok mange som kunne tenkt seg å vere med på dette no, humrar han.

Varierande start

Det var ikkje alle elvane som fekk ein like bra start på laksefisket. Kaldt og surt vêr førde til at det berre vart landa åtte laksar og ein tert i Eidselva i Nordfjord i natt.

Sjølv om det er tidleg for dei indre delane av fylket, melder dei om høvesvis god start i Årøyelvi i Sogndal, der den eine fiskaren som har vore ute tok opp to store laksar i løpet av nokre timar.