Hopp til innhold

Etterlyser bilar etter ulukke

Politiet etterlyser no ein personbil og eit vogntog etter ulukka i Markane i føremiddag, der i alt fem personar vart skadde.

Ulukke Markane

KRAFTIG SMELL: I alt fem personar var involvert i ulukka i Markane.

Foto: NRK-tipsar

Ulukka skal ha skjedd i samband med forbikøyring. Bilen som køyrde forbi klarte å svinge unna ein møtande bil, men den møtande bilen og ein annan bil klarte ikkje å unngå kollisjon.

Ulukke Markane

STORE STYRKAR: Alt tilgjengeleg redningspersonell vart send til ulukkesstaden i Markane.

Foto: NRK-tipsar

I samband med ulukka vil Politiet gjerne komme i kontakt med førar av eit vogntog og ein personbil. Dei køyrde i retning Nordfjordeid kl 1140.

– Vogntoget var merka med Kingsrød og hadde kvitt kapell. Bilen som køyrde bak vogntoget var ein mørk suv. Dei kan ta kontakt med politiet på 02800., oppmodar operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Begge desse bilane var i området då ulukka skjedde og politiet vil gjerne snakke med førarane.

Eit barn til sjukehus

Politiet rapporterer no i ettermiddag at blant dei involverte i ulukka er to vaksne og eit mindreårig barn. Skadeomfanget er ukjend. Bilen dei sat i er registrert i Nederland, og mykje tyder på at dei er på ferie i Noreg.

– Den eine bilen som køyrde i retning Nordfjordeid køyrde ut for vegen. I den sat det eit barn og to vaksne . Dei vart alle sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus for kontroll, fortel Holme.

I den andre bilen som var på veg mot Stryn var det to personar. Dei vart sendt til Nordfjordeid for legekontroll.

Ulukke Markane

I FJELLVEGGEN: Den eine bilen hamna i fjellveggen. Tre personar vart sende til sjukehus.

Foto: NRK-tipsar

Rask utrykning

– Skadeomfanget er førebels ukjend, men vi har ikkje grunn til å tru at det er snakk om svært alvorlege skader, opplyser Holme.

Redningsetatane i Stryn rykte raskt ut til ulukka på riksveg 15, som vart meldt inn til politiet like etter klokka 11 i føremiddag.

– Forbikøyringa er iallefall ein medverkande årsak til ulukka, opplyser operasjonsleiaren.