Hopp til innhold

Jaktar på bilførar etter ulukke

Politiet har enno ikkje kome i kontakt med føraren av ein bil som kan ha medverka til ei trafikkulukke på rv 15 i Markane mellomStryn og Nordfjordeid laurdag føremiddag.

Ulukke Markane

TRE TIL SJUKEHUS: Ein av bilane enda i fjellveggen.

Foto: NRK-tipsar

Bilen gjorde ei forbikøyring då det kom ein annan bil mot. Desse to bilane unngjekk kollisjon, men den møtande bilen kolliderte med ein tredje bil. Tre personar vart sende til sjukehus med lettare skade. Etter ulukka etterlyste politiet ein personbil og eit vogntog.

Tips om aktuelle bilar

– Vi har fått kontakt med føraren av vogntoget, men han har forklart at han ikkje oppfatta så mykje av det som skjedde, seier politibetjent Geir Olsen ved Stryn lensmannskontor.

Derimot er politiet enno ikkje heilt sikre på kva bil det var som køyrde forbi og som har medverka til kollisjonen.

– Men vi har fått tips om eit par aktuelle bilar, og no sjekkar vi ut desse tipsa, seier Olsen.