Hopp til innhold

Norges beste hyllar foreldrene

Landets klart beste utøvar på 400 meter hekk, hyllar foreldra for at han har vorte så god.

Familien Kjerpeset.

FAMILIE: Øyvind Strømmen Kjerpeset (nr. to frå venstre), saman med familien under helgas friidrettsstemne i Florø.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Florøværingen Øyvind Strømmen Kjerpeset stivna på slutten, og greidde ikkje norsk rekord på 400 meter hekk i vinden på Florø stadion laurdag.

Men den klart beste nordmannen på distansen hyllar foreldra for framgangen.

– Mamma og pappa betyr veldig, veldig mykje. Eg ringer pappa nesten etter kvar trening. Sjølv om det ikkje er dei som trenar meg, så er dei ei veldig støtte. Dei har vore ein veldig motivasjon gjennom heile oppveksten, seier 21-åringen.

Kraftig vind

Med foreldre, søsken og sambygdingar på tribunen i solskinet på Florø stadion, skulle den talentfulle hekkeløparen greie EM-kravet på 51,10.

Ein Strømmen Kjerpeset i form hadde også eit uttalt håp om å slå den norske rekorden på 50,67. Løpet vart bra, men med 52,02 glapp både rekord og EM-krav i den sterke motvinden.

– Du må ha ein heilt sjuk fysisk kapasitet for å klare den i dag. Det bles så mykje. Eg tippar at dersom det hadde vore vindstille, så kunne eg klart eit sekund raskare, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Publikum svikta

SJÅ: Store idrettsnamn, og fint ver til tross - publikum svikta Florø Friidrettsfestival i helga. Men dei få som møtte fram, fekk med seg tre norske rekordar.

– Eit godt løp

Pappa Tor, som sjølv tidlegare har vore ein habil sprintar, stod i målområdet. Slik han nesten alltid har gjort når sonen kjem i mål etter harde løp.

Han meinte tida var veldig bra under dei rådande forholda.

– Eit godt gjennomført løp. Det er veldig vanskeleg å springe hekk i så mykje motvind på dei siste 150 meterane. Eit godt gjennomført løp, seier han.

– Ta æra sjølv

Mamma Tone Strømmen Kjerpeset meiner 21-åringen sjølv skal ta æra for at han har gjort det så bra.

– Han har ein veldig sjølvdisiplin og har veldig klare mål for kva han vil. Han ofrar enormt mykje for å nå måla sine. Han har eit fysisk talent, men også eit veldig godt psykisk talent. Han er veldig psykisk sterkt og toler store mengder med trening, seier ho, som også var frivillig funksjonær under arrangementet.

– Han har noko spesielt

Sportssjef i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen, trur landets beste utøvar på 400 meter hekk kan nå veldig langt.

– I og med at han sprunge så gode tider i ung alder, så viser det at han har noko spesielt. Det er nok ein utøvar som kan kjempe om å komme under 50 sekund innan kort tid. Vi er veldig spent på kva han kan levere framover, seier han.

Drøymer om OL-finale

Strømmen Kjerpeset har sjølv store ambisjonar.

– Får eg ut alt potensial, så trur eg kan springe i eit OL eller VM. Og kvalifisere meg til semifinalar og finalar. Det hadde vore utruleg stort, seier han og avsluttar:

– Den store draumen min er å springe ein OL-finale. Ambisiøst, men dersom ein ikkje drøymer stort, så har ein tapt på førehand.