Hopp til innhold

Ein heil vestlandsfjord kan bli din

Har du 10,6 millionar kroner til overs, kan du sikre deg den minste fjordarmen i Sognefjorden. For halvparten kan du sikre deg ein god bit av Finnabotn i Vik.

Finnabotn

TIL SALS: For 10,6 millionar kan ein nærast sikre seg ein eigen vestlandsfjord i Vik. - Den som kjøper alle tre sit nesten med sin eigen vestlandsfjord, seier eigedomsmeklar Baste Bolstad.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Rett nok er det ikkje sjølve fjorden som er til salgs, men dei tre eigedomane heilt innst i Finnafjorden.

Her er det langt til naboane ute i fjorden, sjøvegen er einaste veg og mobildekning er det heller ikkje. Derimot er eigedomane omkrinsa av vill vestlandsnatur.

– Det er definitivt det mest spesielle eg har fått på bordet. Å få oppdraget med å selgje ei heil slik naturperle skjer ein gong i livet, seier eigedomsfullmektig Baste Bolstad i Aktiv Eiendom.

Har tru på sal

Finnabotn

FINNABOTN: Grenda ligg heilt innst i Finnafjorden.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

For eit halvt år sidan kom dei tre eigarane med ynskje om å selgje eigedomane. Denne veka vart interesserte lesarar av Finansavisen og Bergens Tidende invitert på synfaring 16. juni.

Førstkommande laurdag står ei heilsides annonse i Dagens Næringsliv for tur. Kanskje ikkje heilt utan grunn. For dei som vil sikre seg total einerett bør ha pengar.

– Kanskje nokon som har ekstra pengar på bok og som ynskjer ein friplass utan mobildekning å trekke seg bort til. Det er ikkje utenkeleg. Det er ein del folk i Norge som har pengar og som set jakt veldig høgt, seier Bolstad.

– Tungt å reise

Den eine eigedomen er prissett til 1,6 millionar kroner, medan ein annan har fått 3,5 millionar kroner som prisantydning.

Finnabotn

MODERNE: Gjestehuset har ni toppmoderne hotellrom.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Den dyraste eigedomen har ein prislapp på 5,5 millionar kroner. Så seint som i fjor vart det drive som gjestehus med ni hotellrom, salong og spisesal til 40 personar.

I tillegg får ein fellingsløyve på fem-seks hjort saman med naboeigedomen. Som også er til sals.

– Det er ingen tvil om at det er tungt og vondt å reise herifrå, men eitt menneske maktar ikkje drifta åleine, seier Turid Ski, som sidan 2002 har eigd og drive overnattingsstaden saman med ektemannen Ingebrigt Røyrvik.

Kan få det til å gå

Eigedomen vart råka av brann mars 2009 , men kunne likevel halde drift i gjestehuset i mai same år .

Samarbeidet med Mountainfjords varte ein sesong, og fleire faktorar til saman gjer at dei no har vald å selgje og flytte til Austlandet. Dei vil overlevere sin portefølgje til eventuelt nye eigarar.

– Med rett innstilling, så kan nokon få det til å gå. For Finnabotn er ei perle, og slike perler blir meir og meir etterspurt. Turistane er på jakt etter det som er spesielt og ikkje så lett tilgjengeleg for masseturismen, meiner Ski.

– Byr på utfordringar

Finnabotn

GARDSBRUK: Ein av eigedomane som er til sals.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Bolstad meiner salsobjekta gir spesielt interesserte moglegheita til å skaffe seg ein unik stad i unik natur, med fjell som stuper ned i fjorden. Langs sjøvegen passerer ein også vogga til Synnøve Finden, ein av dei største osteprodusentane i landet.

Han seier han allereie har byrja å få telefonar på eigedomane, men vil ikkje skildre det som noko telefonstorm.

– Det byr jo på litt utfordringar med eit slikt salsprosjekt. For å seie det slik, eg visste ikkje kor mykje arbeid det var før eg sette i gang, ler han og fortel at landskapsvern i området legg litt restriksjonar. Ein kan mellom anna ikkje lande med helikopter.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.