Hopp til innhold

Snubla vekk EM-kravet på slutten

I 360 meter kjende Øyvind Strømmen Kjerpeset seg trygg på at EM-kravet skulle brytast. Så kom dei to siste hekkane.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

GOD FORM: Øyvind Strømmen Kjerpeset viser god form, men er framleis hakket bak EM-kravet.

Foto: NFIF/Thore Erik Thoresen

Med ei tid på 51,19 sekund på 400 meter hekk, var Øyvind Strømmen Kjerpeset berre ni hundredelar frå å vere klar for sommarens EM i friidrett.

– Eg følte EM-kravet var inne, men rota det til på dei to siste hekkane og kom ut av balanse, seier 20-åringen.

Slo i hekken

Når nrk.no snakkar med han nokre timar etter løpet er han nøgd med det aller meste av løpet, men likevel skuffa over at EM-draumen ikkje kunne realiserast under forøvinga til Bislett Games.

På den nest siste hekken slo han i og mista balansen. Det gav han også vanskar på den tinande og siste hekken.

– Eg kjende meg bra i siste svingen, men etter 360 meter er det vanskeleg å få balansen tilbake når du først misser den. Det vart eit dårleg løp inn mot mål. Eg trur hundredelane forsvann der, seier han.

Sterkt sololøp

I utgangspunktet skulle det vere fleire sterke utanlandske konkurrentar. Det vart tre norske og florøværingen hadde trass balanseproblema på slutten, få problem med å springe først i mål.

Noko ny norsk rekord vart det heller ikkje på den talentfulle hekkeløparen. Men per no er det berre EM-kravet på 51,10 som tel.

– Det var litt kjipt å ikkje klare det, samstundes meiner eg at kravet er godt innan rekkjevidd. Når eg spring så pass bra i eit sololøp som i dag, så er eg likevel veldig nøgd. Eg trur framleis det kan gå, seier han.

To av fem igjen

Kjerpeset gjekk inn i kvalifiseringsperioden med håp om å klare EM-kravet med fem gode løp.

– Så langt har eg tre gode løp, men ikkje klart EM-kravet. Så eg har framleis to løp att å klare det på. Allereie laurdag reiser eg til Finland og konkurrerer der søndag. Går ikkje det, så stiller eg på Tyrvingleikane. Der får eg same matching som i dag, seier han.

Sesongbeste for Stavang

Klubbkollega Eivind Stavang presterte sesongbeste då han sprang i mål til 14,40 på 110 meter hekk. Også det i ei forøving. Tida gav han femteplass.

Han er nøgd med plasseringa, men ikkje heilt nøgd med tida.

– Det var så vidt, fire hundredelar, men kjekt med årsbeste. Likevel var det veldig fine forhold så eg hadde håpa på endå betre tid. Men det går nedover i alle fall, så får vi sjå korleis det endar, seier Stavang.