Hopp til innhold

Jaktar framleis på EM-kravet

Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF, kom på tredje plass på stevnet i Finland.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MÅ KJEMPE: Øyvind Strømmen Kjerpeset må klare tida 51.10 for å komme til EM.

Foto: NFIF/Thore Erik Thoresen

Det manglar framleis nokre hundredelar før florøværingen klarar kravet for å kome til EM. I Tampere i Finland sprang han inn på tida 51.76 på 400 meter hekk.

Må klare 51.10

Her er resultatat frå stevnet

For å delta i EM må han ned på tida 51.10.

- Øyvind leverer nok eit toppløp heilt ned mot EM kravet og viser at han er vorten stabil på eit betydeleg høgre nivå enn førre sesong, seier dagleg leiar Norsk i Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

Han seier håpet om at han klarar kravet til EM, men at ein samstundes må huske den unge alderen til Kjerpeset.

- Øyvind er framleis ung

- Øyvind er ein ung utøvar og har veldig mange mesterskap å sjå fram til dei kommande åra, seier Heggheim.

På Bislett stadion torsdag i førre veke var Kjerpeset også berre hundredelar frå dette, men klarte ikkje å nå målet.

Han sprang inn til 3.plass med 51,76 og må dermed framleis jakte på EM-kravet på distansen.

Rekorden sett på Florø stadion

Neste konkurranse er på Tyrvingleikane på Nadderud kommande helg.

Den norske seniorrekorden på 400m hekk vert halden av Atle McAdam, Tjalve på 50,67 og vart sett i Florø i 2003.