Hopp til innhold

Fleire stader har ikkje hatt så mykje snø for årstida på 40 år

Det ligg rekordmykje snø i fjella på Vestlandet for årstida å vere. Fleire stader har det ikkje vore så mykje snø i midten av juni på 40 år.

Topptur til Blåfjellet

SNØ: Det er framleis mykje snø i fjellet på Vestlandet. Biletet er teke tidlegare i vår på Blåfjellet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Den siste snørapporten frå NVE fortel om unormalt mykje snø i fjellet på Vestlandet.

Heidi Backe Stranden ved hydrologisk avdeling, seksjon for bre, is og snø, seier Sogn og Fjordane er det fylket som har fått mest snø av Vestlandsfylka denne vinteren.

– Det er Sogn og Fjordane som har fått snøgodene gjennom vinteren og eigentleg har dei enno. I fjellet her ligg det somme stader veldig mykje snø, seier Backe Stranden.

«Rekordmykje snø»

Når vi no bikkar 17. juni er det mange som framleis ikkje har pakka vekk skia for sesongen. Fleire stader i fjellet på Vestlandet ligg det så mykje snø at det framleis er fullt mogleg å få til fine vårskiturar.

Snørapporten frå NVE som vart laga tidlegare denne veka viser at det er normalt med snø for årstida både i Nord-Norge og på Austlandet, medan det er meir snø enn normalt for årstida somme stader i Trøndelag.

På Vestlandet derimot fortel rapporten om rekord.

Snøgrensa går stadvis ned mot 800-1000 moh, men i gjennomsnitt ligg nok snøgrensa høgare. Samanlikna med kva som er normalt for årstida er det framleis rekordmykje snø i fjellet, særleg nord for Hardangerfjorden.

NVE sin snørapport 13. juni 2012

(Artikkelen held fram under biletet)

Snø i Førde 6. mai

SEINT: Det er ikkje lenge sidan det kom snø til og med i låglandet i Sogn og Fjordane. Dette biletet er frå Førde 6. mai.

Foto: Rune Anseth

– Mest snørike vinter

Ifølgje talmaterialet som NVE har samla inn sidan 1971 har fleire fjellområde både i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord aldri hatt så mykje snø på denne tida av året sidan målingane starta.

– Karta blir samanlikna med same dato alle åra forut, og som ein ser av kartet er det fleire plassar i Sogn og Fjordane som altså har den mest snørike vinteren sidan målinga starta.

Dette gjeld mellom anna for fjella i Stølsheimen, mellom Sognefjorden og Voss, i delar av fjella i Høyanger og Stryn. Backe Stranden seier det er store lokale variasjonar.

– Det vil ta tid

Midt i den første sommarmånaden kan det framleis kome snø i fjellet på dagar med låge temperaturar, fortel Backe Stranden og seier vidare at det skal ein skikkeleg mildvêrsperiode til for at snøen i fjellet skal smelte.

– Med så mykje snø som vi har hatt i vinter, så vil det gå litt tid før den smeltar. Iallfall med dei moderate temperaturane vi har hatt i det siste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rekordmykje snø for årstida

REKORDMYKJE: Områda i mørkeblått er dei som har meir på denne årstida enn det har vore sidan målingane starta i 1971.

Foto: skjermdump frå senorge.no

Til glede for nokon og til irritasjon for andre

Snørapportane frå NVE er meint som eit servicetilbod til dei som er interesserte i denne typen informasjon, og Backe Stranden trur det er mange som gler seg over at det framleis er snø i fjellet.

– Dette betyr til dømes at dei som er glade i å gå på ski og synst det er kjekt med vårskiturar har sjansen mange plassar. Dei som vil gå med sko på beina må kanskje vente litt, seier Backe Stranden.

Ikkje nødvendigvis noko problem

Seinast pinsehelga i slutten av mai gjekk NVE ut med eit flaumvarsel for Sør-Norge. Mykje snø i fjellet i kombinasjon med sol og høge temperaturar gjorde at det var varsla femårsflaum på Vestlandet.

Sjølv om mykje snø har smelta sidan då er det altså store mengder snø i fjellet fleire stader. Kor vidt det er fare for problem som følgje av eventuell snøsmelting er vanskeleg å seie, seier Backe Stranden.

– Det kjem heilt an på kva som skjer framover. Viss det ikkje er så veldig varmt, slik det har vore til no, så vil snøen smelte pent og pynteleg. Det einaste det vil føre til er at vassføringa vil auke jamt over, seier ho.

– Men får vi ein plutseleg varme, eller regn i tillegg, vil det føre til ein større fare.

Ho åtvarar på generelt grunnlag folk om å oppsøke flaumstore elvar.

– Vi på flaumvakttenesta hos NVE følgjer utviklinga i forhold til snømengda på Vestlandet med argusauge. Vi følgjer med på korleis den smeltar, og blir det nødvendig så sender vi ut nye flaumvarsel.