Hopp til innhold

Skal rive gamalt kulturminne

Fylkesmannen har gitt løyve til å rive gamle Framfjord talkmølle i Vik.

Talkmølla i Framfjorden på 1930-talet og i 2007

TALKMØLLE: Slik såg det ut i Framfjorden på 1930-talet og i 2007. No er det slutt på drifta ved talkmølla.

Foto: Montasje/Privat/Ottar Starheim

– Det er vel 99 prosent sikkert at det blir riving. Den einaste som kan hindre det, er vel Riksantikvaren, men så langt tyder lite på at han vil gripe inn, seier styreleiar Thomas F. Bech i Foreininga Talkmølla til Bergens Tidende.

Den lokale foreininga vil helst ta vare på bygget som eit kulturminne, men vedtaket frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er endeleg – og kan ikkje klagast på.

Drifta ved talkmølla i Framfjorden kom i gang med 100 arbeidarar så langt tilbake som i 1907. Drifta vart stoppa i 2002.

– Vi vil rydde opp etter oss og forlate Framfjord på ein skikkeleg måte etter 100 års drift, seier administrerande direktør Per-Gunnar Leversund i Norwegian Talc til Bergens Tidende.

Talkummølla i Framfjorden

NEDLAGT: Drifta ved talkmølla i Framfjorden vart lagt ned i 2002. No skal bygningen rivast.

Foto: Ottar Starheim / NRK