Hopp til innhold

Skiløpar låg ein time i bresprekk

Ein svensk skiløpar er alvorleg skadd og ustabil etter at han fall utfor ein skrent og ned i ein snøsprekk på Stryn sommarski.

Bresprekk

RETT NED: Den svenske skiløparen hamna rett ned i denne bresprekken. Eit Sea King redningshelikopter var med i redningsaksjonen.

Foto: Arne Vik / NRK

30-åringen vart i ettermiddag frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Ulukka skjedde i eit område Stryn sommarski seier dei hadde sperra av og åtvara folk mot å køyre i. Den svenske skiløparen skal ha ignorert sperringane.

– Han har gjort noko rart som folk vanlegvis ikkje gjer. Ein skal ikkje gå forbi sperringar, i alle fall om ein ikkje er kjente. Det er ikkje lurt, seier assisterande driftsleiar i Stryn Sommarskisenter, Truls Omtvedt.

Det var fleire vitne til hendinga. Skipatruljen var på plass berre minutt etter fallet.

Brotskadar

– Skiløparen er ukjend i området. Han har eit ope brot i armen og kanskje ribbeins- og hofteskadar, seier Omtvedt.

Omtvedt fortel at dei hadde god kontakt med vedkomande under redningsaksjonen.

– Dei som var til stades hjelpte til i redningsaksjonen, og ambulansen var raskt på plass. Vi har ein svært kvalifisert skipatrulje, og dei har gjort ein veldig bra jobb, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skisenteret

LIKE OVANFOR: Bresprekka som skiløparen forulykka i, ligg berre eit lite stykke oppe i skibakken.

Foto: Arne Vik / NRK

Låg ein time i bresprekken

– Mannen hamna i ein tre til fire meter djup bresprekk med ei elv i botnen av den. Det blei slått full alarm, seier operasjonsleiar i Politiet, Venke Hope.

Litt etter klokka 13.13 fekk Hope melding om at mannen var henta opp frå bresprekken.

– Dei som var der saman med han klarte å få han opp på kanten. Han er no henta ut av området av luftambulansen, seier Hope.

Politiet har førebels ikkje fått snakka med dei involverte om detaljar rundt hendinga.

politi

POLITI PÅ PLASS: To polititenestemenn var også på ulykkesstaden.

Foto: Arne Vik / NRK