Hopp til innhold

Mann skal ha falle i fjellet

Ambulansehelikopter kalla ut.

Supphellebreen

LIKE VED: Personen skal ha falle utfor fjellet like ved Supphellebreen i Fjærland. Utgangspunktet til følgjet på fjellet skal ha vore Flatbrehytta.

Foto: privat

AMK fortel seint søndag kveld at ein person er sendt til Haukeland Universitetssjukehus med fallskader.

Det var luftambulansen som tok med seg den skadde til sjukehuset.

Kjelder NRK har snakka med seier det var eit følge på fleire som skulle drive med såkalla "speedraider", ein form for fallskjermflyging frå fjellet.

Ein mann skal ha falle fleire meter ned fjellet.

Turlaget skal etter det NRk kjenner til vere fjellvande folk.

Det er framleis uvisst korleis tilstaden til personen er

Det skal ha vore opplett og god sikt då ulukka skjedde søndag kveld.