Hopp til innhold

Plenen gjekk i lufta då varme-anlegget gav etter for stort trykk

Ein eksplosjon rysta torsdag eit heilt nabolag i Førde. Ein stor del av plenen til Arne Johansen gjekk i lufta då loket på ein 125 meter djup grunnvarmebrønn ga etter for stort trykk.

Arne Johansen og krateret i hagen

STORT HOL: Her var det før fin og grøn plen. No er det eit stort krater etter eksplosjonen i grunnvarmeanlegget.

Foto: Torbjørn Selseng/Arne Johansen

Eit stort krater på halvannen kubikk var synet som møtte Arne Johansen i Førde torsdag då han kom heim. Stort trykk hadde ført til eksplosjon like utanfor huset hans.

– Eg tør nesten ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom det var nokon i nærleiken då det small. I beste fall hadde dei blitt godt lemlesta, seier Johansen.

Såg spruten stå til vers

Det var ingen heime i huset i Vieåsen i Førde då eksplosjonen kom. Men nabo Borgny Norstrand sat i stova og las avisa i totida torsdag ettermiddag. Plutseleg høyrde ho eit drønn.

– Eg spurde mannen min om det tordna ute då eg høyrde smellet. Eg kikka ut og såg ein sprut med singel og skit stå høgt til vers. Eg kvapp og blei redd, forte ho.

Hadde heilt tett lokk

Krater i hagen i Vieåsen

TETT LOKK: Huseigaren trur eit heilt tett lokk kan vere grunnen til at det samla seg opp stort trykk.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK
Arne Johansen

BLEI OVERRASKA: Arne Johansen ser på skadane i hagen sin i Vieåsen i Førde. Han hadde ikkje trudd at noko slikt kunne skje.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Arne Johansen og resten av familien flytta inn i huset i Vieåsen for to-tre år sidan. Det er ni år sidan det blei bora etter grunnvarme ved huset, om lag 125 meter ned i bakken. Varmeanlegget inne i huset, hentar varmen frå grunnvatnet.

Han sit med det store holet i bakken og forklarar korleis det fungerer.

– På toppen av dette boreholet går det eit røyr ned og eit røyr opp. På toppen sit eit lokk som er heilt tett, fortel han.

Eit enormt trykk

Men i går gjekk det altså gale og Johansen er glad det ikkje var folk like ved. Han har snakka med fagfolk som aldri har høyrt om noko slikt før

– Krateret er på halvannan meter. Det ser ut som det har gått av ei landmine. Det har vore enorme krefter involvert. Det var veldig overraskande at dette kunne skje, seier han.

Resultatet er at jorda, steinmassar og hagen har gått rett opp. Johansen har fleire teoriar om kva som har skjedd. Ein av dei er at grunnvatnet har stige og så har det blitt eit enormt trykk.

– Trykkluft kan vere ganske voldsomt når trykket blir stort nok. Det lokket vi hadde her, er veldig tett på toppen av røret. Dermed kan det ha opparbeidd seg eit stort trykk før det har gitt etter.

Ber folk sjekke lokka

Han trur det er det heilt tette lokket som er medverkande årsaka. I dag har han hatt røyrleggjar på plass som har skifta ut lokket med eit som ventilerer. Difor trur han at alt er i orden hos han no.

Men han er uroa for at andre som har tilsvarande anlegg kan oppleve det same.

– I så fall er det ei tikkande bombe. Når du ser på krateret, så ser du kor store krefter som har vore i sving. Eg tilrår at folk sjekkar anlegga sine for å kontrollere lokket, seier han.

Trur metangass er årsaka

Bjørn Frengstad er fagleiar i Norges Geologiske Undersøkelser. Han trur metangass i jorda kan vere årsaka til eksplosjonen.

– Eg vil anta at det har danna seg metangass i jorda. Den samlar seg opp over tid og det må ha vore noko som har tent den. Metangass blir danna i jorda ved nedbryting av organisk materiale utan tilgang på oksygen.

– Betyr dette at det er risikofylt å leggje inn grunnvarme?

– Nei, det trur eg er veldig sjeldan at slikt skjer. Men litt ventilasjon av røyret kunne dette vore unngått. Det er nok med eit lite hol som kan sleppe ut gass, seier han.

Dagleg leiar Bjørn Olav Øvrebø i Dale Rør, som monterte grunnvarmepumpa til Arne Johansen, er på ferie og ville ikkje kommentera saken før han hadde fått undersøkt den nærare med leverandør og boreselskap.