Hopp til innhold

Venta to timar i ferjekø

Jørgen Hovlandsdal vart ståande to timar på Lavik før han kom med ferja.

Kø på Lavik
Foto: Ronny Vårdal

Det er lange køar på ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39.

– Det er tydeleg at det er Malakoff og sommarferie, seier Hovlandsdal.

Han kom til Lavik ferjekai like før klokka 17.30, og ville normalt sett ha komt seg med på den ferja.

– Eg var ikkje kome til skiltet det står Lavik på ein gong, då køen stoppa meg. Til slutt kom eg med på ferja som gjekk 19.30, som var den femte ferja som var der medan eg stod i kø, seier han.

Kø på Lavik

KØ: – Det merkast at det har vore Malakoff, seier Jørgen Hovlandsdal.

Foto: Jørgen Hovlandsdal

– Eg har nett snakka med skipparen på ferja, og han seier det er om lag ein times ventetid. Men det kan sjølvsagt variere, alt etter når ein kjem og slike ting, seier Roger Nedberge Hille hjå vegtrafikksentralen.

Han veit ikkje når det vil normalisera seg.

– Det er ikkje godt å seia, men det kan vera at det blir seint ut over kvelden.