Hopp til innhold

– Eit stort stykke av fjellet har rasa ut, og det har nett stoppa å rase no

– Dei seier at det blir katastrofalt om resten av massane kjem, seier Rune Stubseid. Han er ein av åtte personar blir evakuerte i natt.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

SJÅ VIDEO AV RASET! Foto: Hjalti Stefansson

Ras i Stongfjorden

SPREKKER: – Det er ein sprekk under det som ligg att, seier Arild Gjervik.

Foto: Arild Gjervik

– Det var ei stor blokk som losna, og etter det kom det ned småmassar, seier Arild Gjervik til NRK.no.

Han såg raset som kom buldrande nedover fjellsida om lag klokka 19.45 på nordsida av Stongfjorden.

Må evakuera

Rune Stubseid, kona og sonen er på ferie i hytta i Stongfjorden. Dei var på veg tilbake frå Florø då raset kom.

– Eg fekk ein telefon frå nokon i Stongfjorden som spurte om det hadde skjedd noko med hytta, men då skjønte eg ingenting. So sa dei at de hadde gått eit kjemperas, då såg eg opp i fjellsida.

Vegvesenet og politiet har avgjort at dei ikkje får sova i hytta i natt, og det same gjeld naboane.

Ras i Stongfjorden

STOR SPREKK: Det er store sprekkar i fjellet, og fare for at det skal rasa meir. Her er vegvesenet oppe for å sjekka fjellet tysdag kveld.

Foto: Arild Gjervik

I alt åtte personar vert evakuerte.

– Geologoen kjem ikkje før i morgon. Det var nokre store steinar som låg der oppe, so det kom til å bli rasvakt i heile natt. Me og eit hus lenger nede her blir evakuert, seier Stubseid.

Sjeldan rasstad

Raset har gått i fjellsida over fylkesveg 609.

Ras i Stongfjorden

STOPPA I SKOGEN: Ikkje langt frå hytta til Rune Stubseid. Berre 30–40 meter i fylgje augevitne.

Foto: Arild Gjervik

– Det er ein stor sprekk under det som ligg att oppe i fjellet. Det kan koma mykje meir enn det som allereie har kome, seier Gjervik.

Han kan ikkje hugse at det har gått ras der so lenge at har budd der.

– Det er ein plass det sjeldan går ras. Det plar å koma litt lenger ute, men eg kan ikkje hugse at det har gått her på i alle fall dei siste 25 åra.

– Ser skummelt ut

Ras i Stongfjorden
Foto: Alice Vie

– Eg veit ikkje kva me skal tenkja, dette ser ikkje so bra ut. Det ser skummelt ut med den sprekka dei pratar om, seier Stubseid.

Han seier det av og til går ras i området, men at det då kjem ein annan plass i fjellsida.

50 meter frå vegen

Raset har stoppa i skogen, men Gjervik trur at om resten av blokka kjem, so vil det nå både hytte og fylkesveg 609.

– Det trefte ein turveg som er mykje brukt. Det er ingen som er sakna so vidt me veit, men de er eitt område som er mykje brukt av turfolk.

Ras i Stongfjorden

KJEMPERAS: i Stongfjorden. Raset skal ikkje ha kome ned på fylkesvegen 609.

Foto: Arild Gjervik

– Det har nok stoppa i eit gamalt granfelt, det har nok teke av for ein del av massane. Det har nok stoppa i skogen, men det ligg masse knust stein langs heile rasfeltet. Det er mykje som har komme.

Lyttepost om natta

– Det vil vera folk der heile natta, og om dei høyrer noko oppi der, so blir vegen stengd med ein gong, seier Venke Hope i politiet.

Dei har saman med vegvesenet beslutta å evakuera åtte personar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.