Hopp til innhold

Nye ras i Stongfjorden i natt

– Det buldra skikkeleg og høyrtes ut som det kom ned store mengder av fjellet, fortel ein tipsar til NRK.no etter at det natt til onsdag gjekk nye ras i Stongfjorden.

Tysdag kveld vart åtte personar evakuerte då ei stor steinblokk losna frå fjellet over fylkesveg 609 og dundra nedover fjellsidene før den stogga i skogen kring 50 meter frå vegen.

Ein tipsar fortel til NRK.no at dei like over klokka 03 vakna av buldring frå fjellsida.

– Vi sov og vakna av bråket, fortel tipsaren.

30–40 kubikk

Kontrollingeniør hos Statens vegvesen, Skule Jacobsen, stadfestar at det i 04-tida kom ned meir stein frå fjellsida. I natt stod det lyttepost ved området.

I 11-tida i dag skal geolog opp for å sjå på sleppområdet.

– Då han gjekk fram på kanten for å sjå, var det for mørkt til å sjå noko. På morgonkvisten kunne ein sjå at det var ein liten skalk på 30–40 kubikk som hadde falle fint og roleg ned i rasløpet som er der, fortel han.

– Ser forferdeleg ut

Arild Gjervik var augevitne til raset som gjekk kring klokka 19.45. Han fortel om store sprekker i sleppområdet, og at det utover kvelden tysdag gjekk fleire mindre ras. Onsdag morgon gjekk han opp i høgda for å ta sleppområdet i nærare augesyn.

– Når du ser rett på det som ligg att, så ser det forferdeleg ut. Det er fullt av sprekker i heile fjellet, seier han og vedgår at han ikkje hadde kjent seg høg i hatten om han hadde budd like under rasløpet.

– Det hadde eg nok ikkje. Eg vil nok tru at dei som bur der ville blitt skremde av synet, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

SJÅ: Video av raset i Stongfjorden.

– Heng mykje att

Det er førebels uvisst kor mykje som har kome ned, men det som kom ned i natt er etter Gjervik sine vurderingar berre dråpar i havet i høve til det som kom ned tysdag kveld - og det som tilsynelatande heng truande att i fjellsida.

– Det har kome ned alvorleg mykje. Vi snakkar hundrevis av kubikk. Men det som ligg att er meir enn det som allereie har kome, seier han.

Lyttepostar

Ein lyttepost i natt vart til to i morgontimane onsdag.

– Vi har litt avstand slik at dersom vi høyrer aktivitet, så kan vi stogge trafikken frå begge sider, seier Jacobsen og fortel staden ikkje er kjent som noko rasstad.

Han trur det er tidas tann som gjorde at steinblokka losna tysdag kveld.

Vil avvente

Jacobsen ser ikkje vekk ifrå at det ligg att stein i fjellsida som anten må fjernast ved sprenging eller pute.

Han seier også at eit anna utfall av føremiddagens synfaring med geolog, kan vere at dei evakuerte får flytte heim.

– Det må vi berre avvente, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.