Hopp til innhold

Skulle gå 50 meter på line 70 meter over juvet, så ramla han ned...

Med eit tynn, tynn line under beina skulle Petter «Edderkopp» Aker i dag krysse juvet mellom Kinnaklova utanfor Florø. Men etter berre eit par skritt ramla han…

Her balanserer Petter Aker på line mellom staurane på Kinnaklova

KLARTE EIT PAR SKRITT: Før han sette føtene på lina hadde han håp om å klare heile lina på 50 meter, men etter berre nokre skritt ramla Petter 'Edderkopp' Aker ned.

Foto: Truls Kleiven

– Det er klart du blir redd akkurat når du dett, det skal eg ikkje leggje skjul på, seier 21-åringen til NRK.no berre timar etter det vågale stuntet.

Dei mange frammøtte hadde då heldt pusten medan dei såg på dei to mennene som åla seg ut på den slake lina. Etter berre nokre skritt var det likevel over. Ein liten meter under lina vart han hengande å dingle, i tryggleikslina.

– Eg fekk ikkje til så mykje. Men for ei fantastisk oppleving det var der ute i havgapet.

Frykta vinden

Til og med sola kikka fram då Petter «Edderkopp» Aker og Eilif Rosnæs skulle gjere noko ingen har gjort før dei. 70 meter over bakken hadde dei og crewet spent opp ei slak line mellom staurane på den karakteristiske fjellformasjonen Kinnaklova på øya Kinn.

Stauren mot sør er 223 meter høg, og den mot nord 197 meter og lina imellom vart på ca 50 meter.

– Eg trudde på førehand at eg skulle klare å gå 50 meter, det gjorde eg, seier Aker til NRK.no torsdag kveld.

Då NRK snakka med han tidlegare i føremiddag måtte han vedgå at han var byrja å bli litt nervøs. Då bles det godt ute i havgapet og naturleg nok er ikkje vind det du har mest lyst på når du skal balansere på eit lite tau høgt over bakken.

– Vind er ikkje noko så bra. Viss det bles så står lina og hoppar opp og ned og høyrest ut som eit helikopter, så eg håpar det minkar litt før eg skal ut å gå, sea Aker til NRK.no i 14.30-tida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjekk på line over Kinnaklova

EIN LITEN PRIKK: Dei mange som hadde tatt turen i småbåtane sine kunne følgje med på den vesle prikken høgt oppe mellom fjellstaurane. Mange klappa og jubla undervegs.

Foto: Truls Kleiven

– Må vere med på rigginga

Like før klokka 20 torsdag kveld var han og resten av gjengen endeleg ferdige med rigginga av stuntet. Ingenting er tilfeldig når ein veit at kvar bolt ein festar til fjellet må vere trygg for at ein skal overleve.

Eilif Rosnæs prøver å krysse Kinnaklova på slak line

EIT PAR SKIRTT: Eilif Rosnæs ute på lina. Også han ramla ned etter nokre skritt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Aker har gått på mange liner, men aldri før på ein stad som er så høg og utfordrande.

– Det å rigge opp er ein viktig del av førebuingane for å bli komfortabel med opplegget. Viss eg ikkje veit at det er rigga riktig, så hadde eg ikkje tort å gå over, seier 21-åringen til NRK.no.

Før han skulle i elden var han og veldig oppteken av at han måtte klare å halde fokus. Misser ein fokus, berre litt, så ramlar ein rett ned, fortalde Aker berre timar før.

– Vi hadde håpa å bli ferdige med rigging onsdag, men det klarte vi ikkje. Så vi var ferdige med rigginga like før vi skulle ut å gå. Det kom litt brått på, fortel 21-åringen som ikkje var heilt klar for oppgåva når tidspunktet kom.

– Ikkje naturleg å gå 70 meter over bakken

Etter ein lang dag der dei hadde vore i fjellet og jobba hardt med å få på plass alt hadde det blitt lite mat og drikke. Men sjølv om han følte seg sliten i både fysisk og mentalt var det aldri noko alternativ å ikkje prøve seg.

– Kva tenkjer du på når du står der?

– Du må berre fokusere på det du driver med. Sjølv om alt med rigginga er bombesikkert begynner du å ransake deg sjølv litt.

– Det er ikkje naturleg å gå på ei line 70 meter over bakken. Det er noko med instinktet ditt som seier at du ikkje skal gjere det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petter Aker (t.v) og Eilif Rosnæs

TO BLIDE KARAR: Petter Aker (t-v) og Eilif Rosnæs vil ikkje karakterisere stuntet som mislukka, sjølv om det ikkje gjekk heilt etter planen. I morgon håpar dei at det er forhold til nye forsøk.

Foto: Truls Kleiven

Ramla ned, fleire gonger

Barføtt tok han likevel skrittet ut på lina. Med eit helikopter svirrande over hovudet og fleire titals frammøtte.

– Vi prøvde oss fram og fekk gått nokre skritt, men, ja, fortel Aker som ikkje har tal på kor mange gonger han klatra opp igjen og prøvde igjen.

Kjensla av å sjå juvet 60 meter under seg nærme seg når ein misser balansen er ikkje noko særleg, vedgår 21-åringen.

– Ein blir redd, men ikkje sånn panisk redd. Ein veit jo kva ein held på med, men det støkkjer jo litt.

– Føler du det var mislykka, sidan du ikkje klarte heile lina på 50 meter?

– Nei, nei, nei. Det er ikkje noko tap. Kinnaklova flyttar ikkje på seg, seier Aker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum i småbåtar under det vågale linestuntet på Kinnaklova

FØLGDE MED: Mange hadde med seg kikkert og fekk følgje Aker og Rosnæs tett på der dei gjekk på lina.

Foto: Truls Kleiven

Vil prøve seg igjen

For han handla stuntet like mykje om det å teste ut sine eigne grenser som å imponere. Aker seier det ikkje nødvendigvis handlar om å klare det eller ikkje, men om å prøve.

– Viss ein berre held på med det ein veit ein klarer, så vil ein ikkje utvikle seg, seier han og legg til:

– Vi har ikkje rigga ned enno, så eg håpar eg får prøve meg igjen i morgon.

I løpet av fredag kan du sjå fleire biletet frå det vågale stuntet, i tillegg til video, på nettsidene våre.

Små og store båtar på plass under linestuntet på Kinnaklova

NESTEN 100: Uoffisielle tal fortel om nesten 100 frammøtte båtar under stuntet. I tillegg var det to større passasjerbåtar der som også var smekkfulle med folk som ville ha med stuntet.

Foto: Truls Kleiven
Utsikt frå Kinnaklova i samband med linestuntet

FLOTT UTSIKT: Petter Aker seier det var ei heilt fantastisk oppleving å vere så høgt oppe i fjellet denne nydelege sommarsdagen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK