Mykje lyd høyrer med under ein musikkfestival.
Folk strøymde til for å få med seg artistane som skulle markere at det er ti år sidan festivalen Målrock såg dagens lys.
Blide jenter i campingvogn på festivalcampen.
Godt vêr er alltid godt nytt for dei som skal bu i telt under festivalen.
Det var stappfullt med folk inne i Meieriparken fredag kveld.
Også politiet var på plass for å sjå til at alt gjekk fint for seg.
God stemning blant dei besøkjande.
Norsk Målungdom hadde stand på festivalområdet.
Jan Eggum fekk æra av å sparke i gang festivalen fredag kveld.
Jan Eggum gjekk på scena i 19-tida.
Kaizers Orchestra er nesten å rekne som veteranar på Målrock og var også på plass under tiårsjubileet.
Lars Vaular rappar på 'bærgænsk' og var på plass under Målrock.
Den folkekjære artisten Jahn Teigen fekk også gleda av å spele for dei mange som hadde møtt opp i Meieriparken fredag.