Bjørn Eidsvåg hadde med seg gitaren då han fekk æra av å opne dag to frå scena i Meieriparken.
Bjørn Eidsvåg med band på scena i Meieriparken.
'Rockepresten' Bjørn Eidsvåg fekk også i 2009 vere førstemann ut på scena i Meieriparken.
Bjørn Eidsvåg fekk varme opp for det lokale bandet Strupetakarane.
I regi av Årdal Tenk Tryggleik og Ungdomsrådet vart ungdomane i bygda oppmoda om å halde seg unna alkohol.
Det var lange køar av ungdom som ville blåse i alkometeret for å vise at dei ikkje drukke.
Det er lokalt næringsliv, lag og organisasjonar som betaler for dei flotte premiane som blir delte ut til dei ungdomane som deltek på aksjonen Blås Grønt.
Strupetakarane er eit velkjent band i Årdal, her med Frode Aga.
Svend Arne Vee og Strupetakarane spelte til eit veldig folkehav.
Strupetakarane syng mykje om lokale folk og saker.
Det var fullt framfor scena då Strupetakarane spelte opp.
God stemning under konserten til Strupetakarane.
Dunderbeist var fjerde band på scena laurdagskvelden. Bandet frå Hedmark leverer hardtslåande rock og heftige liveshow.
Dunderbeist på scena i Meieriparken.
Sjølv meiner arrangøren av Målrock at Dunderbeist er blant dei sterkaste livebanda som finst i Norge om dagen.
Raga Rockers har vore med i gamet lenge, i år er det faktisk 30 år sidan Raga Rockers første gong stod på scena saman.
Raga Rockers markerer sitt 30-årsjubileum med festivalturne og utgjeving av konsertopptak. MålROCK er ein av festivalane som får dei på besøk.
Madcon avslutta årets MålROCK med ei heftig sceneshow. Lyd, lys og røyk imponerte dei mange frammøtte.
Heftige rytmar frå Madcon i Meieriparken.
Tshawe Baqwa og Yosef Woldemariam fekk verkeleg publikum i fyr og flamme.
Folk tok heilt av då Madcon kom på scena.
Det er første gong den populære duoen er på MålROCK, og det var tydeleg at publikum likte det dei fekk sjå og høyre.
God stemning blant publikum på Målrock.
Det var ei endelaus rekkje med bilar i Utladalen laurdag. Forklaringa var utandørskonserten på fjellgarden Skåri, der Målrock lokka med artistar som Susanne Sundfør og Åshild Mundal.
Rundt 1200 personar hadde teke turen til Skåri i Utladalen for å få med seg Målrock-konserten.
Åshild Mundal på scena under konserten på fjellgarden Skåri i Utladalen.