Hopp til innhold

Stadig fleire bilar må stå att på ferjekaia i Lavik

Talet på bilar som må stå att på kaien på Lavik-Oppedal-sambandet på E39 har gått veldig opp i forhold til 2011.

Lang ferjekø ved Lavik.

KØ: Bilistar på veg sørover på E39 har fleire søndagar i sommar måtte smørje seg med tålmod.

Foto: Privat

Fram til juli i år har over 13000 personbileiningar (sjå faktaboks) måtte stå att då ferja har vore full, mot litt over 9000 på same tid i fjor.

Noko av årsaka er truleg trafikkauken på 6,5 prosent, seier Tor Vidar Kittang i Fjord1.

– Det er meir enn vi har venta i 2012. Det er sjølvsagt ikkje heldig at bilar må stå igjen, men vi prøver så godt vi kan å informere. Det er særleg på fredagar og søndagar at bilar må stå att på kaia, seier han.

Prøver å utsetje B-ferja

Ferjesambandet Lavik–Oppedal har hatt ei god vekst i trafikken i forhold til 2011, dette gjeld både talet på passasjerar og køyretøy. Mange helgar i sommar har bilistar måtte stå i lange ferjekøar på søndag ettermiddag og kveld.

Kittang seier at dette ikkje er ein heldig situasjon, men at dei har fokus informasjon til dei reisande.

– Når vi veit om spesielle ting som til dømes festivalar, har vi utsett oppstarten av den eine ferja slik at vi har meir kapasitet utover kvelden, seier han.

Skal det setjast inn ei ekstraferje på fast basis, må det gjerast i samarbeid med Statens vegvesen.

– Å setje inn ei ekstraferje på kort varsel er ikkje så enkelt. Om sommaren har det med ferieavvikling og tilgang på mannskap å gjere.

Tener gode pengar

Kittang trur ei av årsakene til veksten i ferjetrafikken er at næringslivet på Vestlandet går godt.

– Det er også andre samband på E39 som har merka ei god auke, seier Kittang.

Den store veksten har ført til at Fjord 1 tener meir pengar enn venta.

– Det går bra økonomisk, fordi veksten er større enn vi rekna med.