Hopp til innhold

Skulle ta salto frå 18 meters høgde - Marius (18) er glad han er i live

Marius Holme Angedal (18) ville tøffe seg for vennane ved å ta salto frå 18 meters høgde. Det enda på sjukehus med brot i ryggen og blåveis på hjarte og lunger. Sjølv innser han at det heile var frykteleg, frykteleg dumt.

Sjølve klippet ser du her

MISLUKKA: Her er videoen som ein kamerat av Marius Holme Angedal filma av det mislukka hoppet. (Foto: Nikolai Solheimslid Eikås).

– Då eg hoppa høyrte eg at folk rundt meg skreik. Kameraten min som stod litt lenger nede skreik at dette går ikkje bra. Han skreik nei, sånn lenge, fortel 18-åringen frå sjukehussenga.

Heldigvis er det der han ligg i dag. Legane som høyrte om det mislukka stupet frå 18 meters høgde i Førdefjorden sist veke, frykta det verste.

– Då vi høyrte om fallulukka var vi budde på det verste. Han bør vere glad for livet sitt, rett og slett, seier overlege Svenning I Lida ved sentralsjukehuset i Førde.

Sjå video av det mislukka hoppet øvst i saka og TV-saka lenger nede i artikkelen.

Merka kor høgt det var då han var i lufta

Marius Holme Angedal

HELDIG: Marius Holme Angedal veit at han har vore veldig heldig. No åtvarar han andre om å prøve seg på liknande stunt.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sist torsdag var Marius Holme Angedal ute i båt på Førdefjorden i Sogn og Fjordane med fleire vener. Jakta på adrenalin og opplevingar lokka dei opp på berga langs fjorden, høgare og høgare. På eit tidspunkt bestemte Holme Angedal seg for å ta seg heilt opp på 18 meter.

Ein kamerat hadde hoppa før han, som ein spikar og landa på føtene. 18-åringen ville vere litt tøffare og prøvde seg på ein salto. Det skulle han ikkje ha gjort.

– Det verka veldig spennande. Det var høgt, høgare enn eg trudde, seier Holme Angedal som er klokkeklar på at han angrar seg på heile greia.

– Når du er i lufta så merkar du kor lang tid det tar. Eg telte sånn ca tre sekund frå eg hoppa til eg landa.

– Så kom det opp reint blod

Det som skulle bli ein salto vart ikkje det. I staden landa han rett på ryggen, og det veldige trykket slo han heilt ut.

– Eg landa så flatt, så eg var nesten ikkje under vassflata. Men eg klarte å symje inn til land, men då byrja eg å hoste.

– Så gulpa eg og så kom det opp reint blod. Ikkje noko anna.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ung gut kastar seg ut frå klippe på 18 meter. Marius Holme Angedal åtvarar andre mot dette.

KLIPPEHOPP: Det som starta med at ein kompisgjeng søkte spenning, enda med eit livsfarleg hopp frå fjellklipper.

Brot berre millimeter frå nakken

Det veldige trykket etter at han landa på ryggen i vatnet gjekk hardt ut over fleire indre organ. Sjølv med ei våtdrakt som tok av for litt av trykket, var det ikkje mykje om å gjere at Holme Angedal ikkje kan fortelje om hoppet i dag.

– Sjølv trudde eg at eg hadde knekt eit ribbein og punktert ei lunge, seier 18-åringen.

I hui og hast fekk kameratane tenåringsguten opp i båten. Dei ringte etter ambulanse og køyrte mot land. På sjukehus kunne legane konstatere at han har vore veldig heldig.

– Rett under nakkebeinet, i dei øvste ryggvirvlane har eg tre små brot, fortel Holme Angedal.

Han veit sjølv at han var svært nære å få brot i nakken, brot som kunne ha ført til eit liv i rullestol.

Blåmerke på hjarte og lunger

I tillegg fekk både lungene og hjartet gjennomgå.

– Eg fekk blåmerke på begge lungene, slik at dei hovna opp og eg hadde vanskeleg for å puste. Også hjartet mitt har fått ein blåveis, seier han frå sjukesenga.

Svenning I Lida som er spesialist i ortopedisk kirurgi, og overlege ved ortopedisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde, seier 18-åringen skal vere glad han er i live.

– Dette kunne gått riktig gale. Heldigvis er vår pasient ung, sterk og veltrent. Det hjelper i slike situasjonar, seier I Lida.

– Kunne fått blødingar, blodpropp eller lammelsar

Då tenåringsguten kom med ambulanse til sjukehuset sist torsdag stod helsepersonell klare. I Lida seier det er mange komplikasjonar som kan oppstå ved eit slikt fall.

– Vi måtte gå gjennom heile kroppen hans for å sjå korleis han såg ut innvendig. Heldigvis har det gått bra, og det har ikkje utvikla seg komplikasjonar.

– Han kunne fått blødingar, blodpropp eller lammelsar, fortel overlegen.

Ber andre tenkje seg godt om

Det er no fem dagar sidan det mislukka forsøket på å imponere vennene. I dag får Marius Holme Angedal reise heim, med ein lærepenge for livet. Sjølv håpar han at andre ikkje er så dumme.

– Eg hadde aldri høyrt om nokon andre som hadde hoppa der, så det var jo for å søkje adrenalin.

– Angrar du?

– Ja, eg gjer jo det. Det kom ikkje noko positivt ut av dette, anna enn at eg ikkje vart lam eller omkom.

Bokstavleg talt, klok av skade, ber han andre tenkje seg godt om.

– Det er ingen som må gjere sånt utan å ha gjort noko liknande før. Du må jobbe deg opp for å bli flink. Du kan ikkje berre hive deg i det slik eg gjorde.

– Det er eigentleg berre idiotisk. Det er egoistisk å gjere det, seier Holme Angedal.