Hopp til innhold

Turist funnen omkomen i Stryn

Ein 83 år gamal tysk turist som i føremidag fall i Storelva som renn ut i Oldevatnet er no funnen omkommen.

Leiteaksjon i Oldenvatnet

STOR AKSJON: Alt tilgjengeleg mannskap blei kalla ut for å leite etter mannen som fall i elva.

Foto: Arne Vik

Mannen stod og fiska i elva som renn ut i Oldevatnet, då han i 10.30-tida tysdag fall uti. Han var saman med kona si då ulukka skjedde.

Redningsaksjon i Oldevatnet
Foto: Arne Vik
Leiteaksjon i Oldenvatnet
Foto: Arne Vik

Politi, amblanse, redningsdykkarar og eit Sea King-helikopter deltok i søket. Det gjorde også Røde Kors med ein båt på vatnet.

– Dykkarar som var med på leiteaksjonen etter vedkommande, fann den sakna personen på sju meter djupne, like i nærleiken av der han fall i elva. Han er no teken på land og stadfesta død, opplyser operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er uvisst korleis mannen hamna i vatnet. Elva vart skildra som strid i området.

– Mannen skal ha stått og fiska då han fall i vatnet, men vi veit ikkje korleis det skjedde, opplyser Hauge.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.