Hopp til innhold

Held fast ved at Dalsfjordsambandet ikkje sprekk økonomisk

Trass store problem under bygginga held Statens vegvesen fast ved at det ikkje er snakk om noko økonomisk sprekk for Dalsfjordsambandet.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

INGEN SPREKK: Slik det ser ut no seier Nils Magne Slinde i Statens vegvesenet at det ikkje blir noko økonomisk sprekk på Dalsfjordsambandet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Store steinras og ein samanrasa tunnel har gjort til at ein anleggsleiar på Dalsfjordsambandet fryktar for at liv kan gå tapt. Fleire har også spådd at sambandet til ein milliard kroner vil gå på ein kostnadssmell.

Men avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier prognosane så langt ikkje tyder på at budsjettet vil sprekke.

– I slike prosjekt set vi alltid av ein del pengar til ikkje føresette ting som dukkar opp, for det skjer alltid. Så langt er vi rikeleg innanfor, seier Slinde til NRK.no.

Slo alarm om rasfare

Bygginga av Dalsfjordsambandet har blitt langt meir krevjande enn det entreprenørane hadde venta.

Store steinras, jordras som tek med seg vegfundamentet og ein tunnel som rasa saman fekk anleggsleiar på strekning, Bjørn Tore Årevik i K.A. Aurstad AS, til å seie at berre flaks har gjort at liv ikkje er gått tapt.

– Vi har hatt flaks fleire gonger. Hendingane har vore på vår side, sa Årevik i eit intervju med NRK tidlegare denne veka.

Årevik trudde også på ein veldig kostnadssprekk og anslår at denne er på mellom 100 og 200 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Eikenes
Foto: Steinar Bauge

Har sett av midlar, seier Slinde

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen avviser påstanden. Han seier at sambandet som er berekna å koste vel ein milliard kroner held seg innanfor totalramma.

– Det er greitt at media framstiller dette som store utfordringar, men økonomisk er ikkje dette så store utfordringar, seier Slinde.

Hovudentreprenør NCC har framsett krav på vel 90 millionar kroner på grunn av dei uventa problema. Om ikkje partane inngår forlik kan saka ende i rettsapparatet til våren.

– Vi set av både midlar og ressursar til å kunne handtere slike endringar. Det som er viktig for oss er at vi får ein trygg veg for trafikantane og at vi klarar å gjennomføre prosjektet utan skade på dei som er involvert.

– Det er ingen tvil om at anleggsarbeidet har blitt meir dramatisk enn ein hadde tenkt seg?

– Det kan vere mange forklaringar på det. Det er ikkje sikkert at det er geologien som er forklaringa på alt.

Etter at NCC bad om ei ny geologisk vurdering har Vegvesenet valt å stogge arbeidet med bygginga av 700 meter veg på nordsida av sambandet.