Hopp til innhold

Nødseth får støtte frå Flora Høgre trass Belsvik-saka

Eit fleirtal av medlemene i Flora Høgre ønskjer framleis at Jacob Nødseth skal ha ein framtredande plass på stortingslista til fylkespartiet, trass skarp kritikk.

Nødseth, Belsvik

OPPRIVANDE: Tilhøvet mellom Jacob Nødseth og Embla Belsvik har vore ei tøff nøtt å knekke for Flora Høgre.

Foto: Simon Solheim/Sondre Dalaker / NRK

Etter ein opprivande strid mellom Nødseth og Embla Belsvik frå Unge Høgre i lengre tid, var det venta kamp om kven Flora Høgre skulle nominere som kandidatar til fylkespartiet si stortingsliste.

Men etter ein lang debatt valde fleirtalet av medlemane å gje Nødseth ny tillit som ein av fem kandidatar til dei fremste plassane på Høgre til stortingsvalet i 2013.

Ikkje avgjerande

– Medlemsmøtet peika ut fem kandidatar, i tillegg så gav vi full støtte til Embla Belsvik som representant frå Unge Høgre, fortel leiar i Flora Høgre, Vidar Grønnevik til NRK.

Han seier at det var ei klar meiningskløyving under medlemsmøtet, men at striden mellom Nødseth og Belsvik ikkje vart avgjerande for kven Flora Høgre skulle nominere.

Ni av 18 skal ha røysta for å gje Nødseth tillit.

– Medlemsmøtet gjorde eit val knytta til det, så han står på lista. Saka mellom han og Belsvik var ikkje tema i den diskusjonen som var på møtet. Det er slike saker som vi gjerne skulle vore forutan, samtidig er det slike saker vi har eit ansvar for å ta når dei ein sjelden gang dukkar opp, seier Grønnevik.

– Lagt saka bak oss

Vidar Grønnevik meiner at Flora Høgre no har lagt denne saka bak seg, og dei har formidla godt til alle partar kva dei har gjort og kva dei har meint.

– Vi har også hatt møter der Høgre sentralt har vore her, så det føler eg vi har kommunisert både oppover og nedover. Vi har sett oss som ferdig med saka, sler Grønnevik fast.

Nødseth ønskte ikkje å kommentere medlemsmøtet si avgjersle då NRK snakka med han torsdag kveld.