Hopp til innhold

- Tabellsituasjonen er ikkje bra

Sogndal ligg no på kvalikplass etter at Sandnes Ulf slo dei 3–1 og passerte dei på tabellen. – Tabellsituasjonen er ikkje bra, seier Håvard Flo.

Sogndal - Sandnes Ulf

NOK EIT TAP: Det vart nok eit tap for Sogndal. Sandnes Ulf vart for sterke og vann kampen 3–1. Sogndal må no finne seg i å ligge bak Sandnes Ulf på tabellen.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Eit tafatt sogndallag måtte sjå seg slått av ein av rivalane i botnen av tabellen. Kampen enda til slutt 3–1 til Sandnes Ulf.

– Det såg lyst ut, men ...

Sogndal starta kampen bra og pressa hard frå start og fekk tidleg ei løn for arbeidet. Allereie etter 19 minutt sette Santos inn sitt fyrste mål og sendte Sogndal opp i leiinga. Derifrå gikk det berre en veg, og det var Sandnes Ulf sin veg.

– Vi kom bra ut og fekk ei scoring og det såg lyst ut, men diverre fekk Sandnes nokre lette mål på nokre dødballar og det var skuffande, seier spelarutviklar i Sogndal, Håvard Flo.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

TRENARAR: Hovudtrenar Jonas Olsson og assistenttrenar Terje Skjeldestad har ingen grunn til å vere nøgde med prestasjonen til spelarane sine etter 3–1 tapet mot Sandnes Ulf.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Kva var det som gikk gale?

– Dei fekk komme tilbake i kampen på eit innøvd frispark der vi står å ser på rett og slett. Vi er ikkje med på det. Det byrjar der og etter kvart vert vi meir utolmodige og avstanden aukar mellom oss. Det er skuffande, seier Flo.

Nervane spelar også inn

Før kampen har det vore mykje snakk om botnstriden i tabellen. Begge laga trengde poenga sårt og før kampen hadde Sandnes Ulf ein 14. plass med 17 poeng, medan Sogndal låg på plassen over med sine 19 poeng. Flo trur at nervane også har spelt ei rolle i tapet.

– Definitivt. Ein skal ikkje undervurdere ein slik situasjon som det her. Det har gått ein periode no utan at vi har fått dei poenga vi hadde håpa på og det vil nok slå inn på spelarane. Ein blir kanskje litt meir konsekvenstenkande, redde og tilbakehaldne, så det er ikkje unaturleg at det kan få ein slik verknad, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sandnes Ulf - Sogndal

KONTROLL: Sandnes Ulf og Christian Gytkjær hadde full kontroll på spelarane på Sogndal. Gytkjær scora Sandnes Ulf sitt fyrste av tre mål.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

– Tabellsituasjonen er ikkje bra

Sogndal ligg no på tredje sisteplass på tabellen med berre Fredrikstad og Stabæk bak seg. Det er ein situasjon Flo ikkje er nøgd med.

– Tabellsituasjonen er ikkje bra. Vi er der nede og det må vi berre erkjenne, men vi skal vere positive og jobbe for å prøve å kome oss framover igjen for å hente dei poenga vi må ha. Det er framleis eit stykke igjen av sesongen så ingenting er umogleg, men vi har sett oss i ein litt kinkig situasjon, men vi skal gi jernet.

Ein siger på dei siste ti kampane

På dei site ti kampane har Sogndal berre hatt ein siger. Flo innrømmer at det ikkje berre er uflaks det er snakk om.

– Det er klart det ikkje berre er uflaks. Det er også «udyktigheit» så pass ærlege må vi vere. Det ville vere rart om vi ikkje opplever det i løpet av ein lang sesong, men når motbakken kjem må vi gjere den så kort som mogleg, men motbakken har vore litt for lang no, seier Flo.

No skal Sogndal gjere sitt for å snu resultatet i andre halvdel av sesongen forsikrar Flo.

– Vi må ha trua på det, jobbe kollektivt saman og gå på i andre halvdel av sesongen!

SLIK SER TABELLEN UT ETTER DENNE SERIERUNDEN:

Tabell Eliteserien

KVALIKPLASS: Sogndal ligg no på ein 14. plass med berre Fredrikstad og Stabæk bak seg.

Foto: Skjermdump