Hopp til innhold

Elevar blir oppmoda til å slade på lærarar og rektorar

Ein eigen klageportal er det siste våpenet til Norsk Målungdom i kampen for å sikre at alle nynorskelevar får lærebøker på nynorsk.

Skolebøker

BØKER PÅ NYNORSK: Er ikkje sjølvsagt for alle nynorskelevar. No oppmodar Norsk Målungdom elevane til å sladre på lærarar og rektorar som motarbeider dei språklege rettane.

Foto: Scanpix

Leiar i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, seier dei har sett seg veldig leie på at nynorskelevar ikkje får tak i lærebøker på sitt språk. Ein annan ting dei har fått meir enn nok av er at skulen prøver å presse nynorskelevar til å velje bokmål som hovudmål.

No vil målungdommen gjere livet surt for skular og skuleleiarar som bryt elevane sine språklege rettar. Men det er slett ikkje snakk om tyggjegummi i håret eller teiknestift på stolen til læraren.

– Vi har lansert ein klageportal på heimesida vår. Ikkje alle veit korleis dei skal gå fram for å klage, men her kan vi vidareformidle klagen til rette vedkommande, seier Sture til NRK.no.

– Skulane må gjere jobben sin

I ei pressemelding oppmodar Norsk Målungdom elevar om å henge ut og sladre på rektorar og lærar som ikkje tek nynorsk på alvor. Dei meiner det er på høg tid at dei blir stilte til veggs og må ta ansvar for mellom anna mangelen på nynorske skulebøker.

– Det er ting ein er avhengig av viss ein skal fungere som nynorskelev og skal ha ein reell moglegheit til å vere det.

– Skulen må respektere det valet og gjere si plikt med å skaffe nynorske lærebøker, seier Sture til NRK.no.

Skal hjelpe elevane å sladre til sjefane

Vebjørn Sture

SKAL HJELPE: Vebjørn Sture er leiar i Norsk Målungdom. Ein eigen klageportal er det siste våpenet i kampen for nynorsken i skulen.

Foto: Odin H. Omdal

Men målungdommen får stadig tilbakemeldingar frå elevar som opplever at dette ikkje skjer i praksis.

– Då må vi rett og slett sladre til sjefane og på den måten gjere livet surt for dei som prøver å kutte svingane på nynorskelevane sin kostnad, seier Sture.

Gjennom klageportalen for dei som er utsette for språkleg diskriminering vil Norsk Målungdom ta vidare klagene frå elevar. Sture seier dei har laga denne klageportalen for å hjelpe elevane med å nå fram med sin frustrasjon.

– Det er ikkje så mange 13-åringar eller 16-åringar som har så masse erfaring med korleis dei går fram for å klage.

– Vi vil vidareformidle klagen til rette vedkommande og sender også ein kopi til skulelegar og språkrådet, forklarar Sture.

Han er trygg på at stuntet vil ha resultat.

– Vi ønskjer å hjelpe elevar i enkelttilfelle. Samtidig så er dette forhåpentlegvis eit sterkt signal til skuleleiarar på at dei ver så god må gjere jobben sin, seier Sture.