– Vi har brukt dagen i dag til å forhandle fram ein avtale med Azar Karadas. Han skal spele for Sogndal ut året, og han kjem til Sogndal i morgon for å signere papira, seier sportsleg leiar Håvard Flo til NRK.
– Vi treng ein med litt pondus
Ryktene har ei tid gått om når og kva for klubb Azar Karadas ville signere for, dersom han valde å returnere til Noreg.
Måndag kveld blei det altså klart at den tidlegare Brann, Rosenborg, Benfica, Portsmouth og no Tyrkia-proffen - har valt Sogndal.
– Det er klart at vi er i ein tabellsituasjon som tilseier at det er smart å prøve å gjere noko, seier Flo, og legg til:
– Azar er jo ein profil som passar godt inn hos oss. Han er jo frå fylket, det er eit kjempepluss. Men han representerer og ein leiarskap og ein fotballtype som vi har behov for. Vi treng ein med litt pondus for å seie det slik, sler Flo fast.
Sogndal slit i nedre halvdel av eliteserietabellen, og er bare fire poeng unna direkte nedrykk til førstedivisjon.
Sundag tapte dei heime mot Sandnes Ulf.
Hektiske timar på Fosshaugane
Det var måndag kveld hektisk møteaktivitet på Fosshaugane Campus, der Sogndal fotball har sitt hovudkontor.
Etter fleire timar i møte, kunne assistenttrenar Flo kome med den, for mange, overraskande nyheita.
Tungt i Tyrkia
Azar Karadas har dei siste sesongane spelt for tyrkiske Kasimpasa.
Opphaldet i Tyrkia var langt frå oppløftande for 30-åringen.
Etter å ha sikra Kasimpasa opprykk til øvste nivå, vart han i sommar løyst frå kontrakten.
Allereie tidleg i år vart det klart at eidaren ynskte seg heim til Norge.